Historisk arkiv

Langsiktig arbeid og medvitne diskusjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ry: Inspirasjonsside for omdømmearbeid i kommuner og regioner

Tre nasjonale prisar har vore med på å gje Vinje kommune omdømme som kulturkommune, ein open og inkluderande kommune og ein servicekommune.

Ridetur langs vatnet.

Tre nasjonale prisar har vore med på å gje Vinje kommune omdømme som kulturkommune, ein open og inkluderande kommune og ein servicekommune.

Langsiktig arbeid og medvitne diskusjonar om korleis kommunen skal framstå har vore viktige oppskrifter.
- Me snakkar veldig mykje, og tenkjer mykje, om korleis me skal framstå i ulike kanalar, seier assisterande rådmann i Vinje kommune, Sissel Bitustøyl. Ho kan vise til at det finst innhald bak bodskapen om kva Vinje er, blant anna gjennom tilbakemeldingar utanfrå. Eitt døme er at Forbrukarrådet kåra kommunen til årets servicekommune i 2005. Då resultata frå 2005 og 2007 vart lagde saman, kom Vinje dessutan best ut.

Ønskjer fleire somaliarar
Ikkje minst er Vinje lagt merke til på grunn av integreringa av innvandrarar. I eit oppslag i Aftenposten i 2008 stod representantar for kommunen fram og fortalde at dei ønskte fleire somaliarar til Vinje. Somaliske ungdommar snakkar dialekt, spelar i band og står fram som godt integrerte. Vinje får mange førespurnader frå folk som vil studere integreringa i Vinje. Ein dokumentarfilm om somaliarane i Vinje er også på veg.

Amnestyprisen
Då Vinje fekk Amnestyprisen 2009 heitte det: ”Amnesty meiner at Vinje og innbyggjarane i lang tid har drive menneskerettsarbeid i praksis ved å syte for like potensial for alle, motarbeide diskriminering og gje ekstra støtte til flyktningar som vert busette i kommunen. Grunnlaget for suksesshistoria er ein vilje til å sjå flyktningane som ein ressurs og ikkje eit problem”.

Ingen løyndom
Sissel Bitustøyl fortel at det ikkje finst nokon spesiell løyndom bak den vellukka integreringa i Vinje og omdømmet til Vinje generelt.
- Vi er ein ganske normal kommune i høve til haldningar og framandfrykt. Vi er ikkje betre enn nokon andre, men nokon tok tak tidleg og la langsiktige planar. Bygdefolk var flinke, skulen og barnehagane var med, seier Sissel Bitustøyl. Ho legg mest vekt på at kommunen snakkar mykje og har høgt medvit om korleis den vil framstå, og at det har vore med å gjere Vinje til ein god kommune med godt omdømme.

Kulturkommunen
Vinje har også utmerka seg på andre område. Kulturprisen 2009 gjekk til Vinje kommune. Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei og Haldis Moren Vesaas, Dyre Vaa, Myllarguten og Odd Nordstoga er blant kulturpersonlegdommane kommunen har fostra. Tradisjonane skal førast vidare. I kulturskulen lever folkemusikk og rockemusikk side om side. Prisen årets kulturkommune fekk Vinje i februar i år: ”Sterkt medvit om eigen kulturell identitet pregar dette lokalsamfunnet. Det skapar tryggleik og gode vokstervilkår for openheit, mangfald og kreativitet”, heiter det i grunngjevinga.

Ser hyttefolk som nyttefolk
Mange av dei som har hytte i Vinje har vist seg å vere ein ressurs, som gir noko tilbake til lokalsamfunnet.
- Ein entusiast arbeider med å få til ei form for Telemarksbirken, sykkel, løp og langrenn. Ein tannlegespesialist bidreg med tenestene sine, i Vinje, fortel Sissel Bitustøyl. Vinje har saman med Tinn laga ei eiga kartlegging av ressursar blant hyttefolket.

Snur folketalsutviklinga?
Trass i tilbakegang for det som har vore hovudnæring, jordbruket, opplever Vinje vekst i folketalet. Den siste teljinga viste 3682 innbyggjarar. Det er ein auke på 20 personar frå kvartalet før. - Vi håpar at dette er starten på at folketalsutviklinga snur. Jordbruksdelen av næringslivet i Vinje går ned. Sysselsettinga i nye service- og overnattingsverksemder aukar som konsekvens av hyttebygginga, fortel Sissel Bitustøyl.

Langsiktig innhaldsarbeid
Ho ser omdømmet til Vinje både som eit resultat av den langsiktige innsatsen på service, kultur og integrering. Innhaldet i kommunen har gitt omdømme i seg sjølv, meiner ho. Samtidig ser ho på resultata som kommunen kan vise til, både på service, integrering og kultur, som ressursar når kommunen skal gjere seg synleg.