Snur Åmli
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Ry: Inspirasjonsside for omdømmearbeid i kommuner og regioner
Artikkel | Sist oppdatert: 08.01.2010
Åmli sleit med nedgang i folketalet, skeiv aldersfordeling, skeiv kjønnsfordeling og resignasjon i befolkninga. No er prosjektet SNU Åmli i ferd med å snu den negative trenden. Samstundes har omdømmet fått seg ein real oppsving.
Åmli sleit med nedgang i folketalet, skeiv aldersfordeling, skeiv kjønnsfordeling og resignasjon i befolkninga. No er prosjektet SNU Åmli i ferd med å snu den negative trenden. Samstundes har omdømmet fått seg ein real oppsving.
Stemninga i Åmli i Aust-Agder anno 2009 er ein heilt annan enn kva den var for berre få år sidan. Frå 1990 og fram til 2004 – det året ideen om SNU Åmli blei fødd – datt folketalet frå 1 999 innbyggjarar til 1 819. Også dei første åra etter prosjektstart, heldt folketalet fram med å falle. Men i 2007 kom omslaget, og dei tre siste åra har kurva berre peikt oppover.
- Eit langt arbeid
- Nøgde innbyggarar er dei beste ambassadørane vi kan ha for å tiltrekke oss nye innbyggarar, seier prosjektmedarbeidar Mariann Sletten i SNU Åmli. Målsettinga med SNU Åmli var knytt til eit ønskje om å skaffe bygda fleire innbyggarar, styrke eksisterande næringsliv og skape fleire arbeidsplassar.
- Det har også vore viktig å skape framtidstru blant innbyggjarane, næringslivet, lag og foreiningar, seier Sletten. Ho meiner det aller viktigaste som har komme ut av prosjektet så langt er at pessimisme er snudd til optimisme blant innbyggarane.
- Den positive folketalsutviklinga vi har opplevd dei siste åra, er blant dei viktigaste bevisa på at vi har lukkast. Men dette er berre starten på eit langt arbeid. Å snu ein tanke og ein trend tek lang tid. Det må slå røter og bli jamleg vatna for å vekse seg stor og solid, påpeikar Sletten.
Ambisiøse mål
SNU Åmli har vore organisert med kommunestyret som styringsgruppe, og prosjektet hadde som mål å aktivere næringsliv, organisasjonsliv og innbyggarane til å delta i arbeidet med samfunnsutviklinga. Det er danna seks temagrupper der alle som ønskte kunne delta i arbeidet. Temagruppene er næringsutvikling, Åmli vidaregåande skule, ungdom, infrastruktur, fritidsbustader og turisme, stadidentitet og imagebygging. Det var først og fremst den sistnemnde gruppa som jobba med omdømmearbeid.
- Omdømme er viktig for at folk som bur i kommunen skal trivast og bli verande. Spesielt er det viktig at dei vaksne snakkar godt om kommunen eller staden, slik at borna får eit positivt bilete av heimen og staden der dei veks opp. Men eit omdømme er ikkje noko vi kan vedta i kommunen, det må vere ekte, seier Mariann Sletten.
Føresetnader
Ho trur eit godt omdømme i kommunen og regionen kan vere utslagsgjevande for at tilflyttarar vel nettopp denne kommunen å busette seg i. Sletten peikar på fleire ting det er viktig å ta omsyn til dersom ein kommune skal lukkast med omdømmearbeid:
• Semje om strategi i kommunen.
• Omdømmet må vere sant.
• Regionen må vere villig til å satse på omdømmet.
• Forutsigbar økonomi slik at tenestene blir stabile.
• Aktivt og bevisst informasjonsarbeid.
• Konstant fokus på å oppretthalde og vedlikehalde kvaliteten på dei tilbod som alt er etablert.
Viktig i små kommunar
Eit godt omdømme er spesielt viktig i ein liten kommune. Her vil tilbodet til brukarane ofte være mindre enn gjennomsnittet. Då er det viktig at det tilbodet som fins er held høg kvalitet, samt at kommunen vel å satse på tilbod unge etablerarar har behov for og ynskjer seg, seier Sletten.
- Kvar går vegen vidare for SNU Åmli?
- No ønskjer vi å få dei gode erfaringane over frå SNU-prosjektet til ordinær og langsiktig drift i kommunen. Det er viktig å gjere ei nøye evaluering av prosjektet no som er inne i siste fase. Det vil hjelpe oss å klarare sjå vegen vidare. Ein del grupper har sett dagens lys og har skapt seg eit grunnlag til å fortsette på eigahand, seier Sletten.
Biletet:
Åmli vidaregåande skule har fått eit løft gjennom SNU Åmli-prosjektet. I samarbeid med fylkeskommunen, har studietilboda har mellom anna blitt utvida. I natur- og friluftskommunen Åmli var det naturleg at ei elevane fekk ei friluftslivlinje. Linja har blitt svært populær.