Historisk arkiv

Velkomen til Ry!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Distrikts-Noreg treng fleire innbyggarar som er stolte av lokalsamfunnet sitt, skriv statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.

 

Av Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa

Ry er regjeringa si nettside for omdømmebygging i kommunar og regionar i Distrikts-Noreg. Nettsida er eit av fleire tiltak i regjeringa si satsing på å styrka distriktskommunar sitt omdømme. I juni 2008 starta vi opp pilotprosjektet Omdømmeskulen, der 16 kommunar og regionar får auka sin kompetanse. Andre tiltak er under arbeid.

Omdømmearbeid er eit nyhende i regjeringa sin distrikts- og regionalpolitikk. Vi arbeider for å ta heile landet i bruk. Folk må kunna velja kvar dei vil bu og arbeida. Å utvikla attraktive stader for busetjing og næringsverksemd i distriktet er viktig.

Eg var tilstades på den første samlinga i Omdømmeskulen. Eg kjenner meg viss på at dei som no fekk plass i prosjektet, vil setje søkelyset på eigne lokale fortrinn og såleis vere gode døme for andre.

At kommunane har synt stor interesse for Omdømmeskulen, viser at det er behov for auka kunnskap om omdømmebygging blant kommunar og regionar. Mykje av denne kunnskapen finst hjå kommunane sjølve. Ry har ambisjonar om å samla denne kunnskapen gjennom intervju med kommunar og andre aktørar om kva erfaringar dei har gjort seg så langt.

Omdømmebygging er eit langsiktig arbeid. Det må arbeidast profesjonelt og systematisk, og arbeidet må vera ein del av ein heilskapeleg strategi. Viktigast av alt er at det ligg innhald i bak bodskapen.

Vi håpar Ry kan inspirera og gje fagleg påfyll til dykk som arbeider med omdømmebygging.

Distrikts-Noreg treng fleire innbyggarar som er stolte over lokalsamfunnet sitt. Dei beste ambassadørane for eigne kommuner er folk som sjølv trivst der dei bur!

Lukke til!