Høyanger
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 19.03.2014
Kommune: Høyanger
Tema: Sjukefråvær og heltid/deltid
Prosjektleder: Tove Walderhaug
Bakgrunn: Deltaking i Saman om ein betre kommune er vidareføring av prosjektet Reduksjon av sjukefråvær. Kommunen har behov for å få redusert sjukefråværet og få ned talet på tilsette som går ønska deltid. For å oppnå reduksjon i fråværet har ein sett behov for eit meir heilskapleg og systematisk arbeid i heile organisasjonen. Tidlegare erfaringar har vist at å arbeide utelukkande reparerande ikkje gjev dei ønska resultata, og ein treng tiltak som også verkar helsefremjande og førebyggande for arbeidsmiljøet. I utgangspunktet var deltidsdelen ein mindre del av prosjektet vårt – integrert i sjukefråværsdelen. Etterkvart har den vokse seg like stor som sjukefråværsdelen og vi ser no på deltid som ein sjølvstendig del av prosjektet.
Prosjekt: Saman om ein betre kommune, deltaking 2013 – 2015.
- Sjukefråversarbeid skal sjåast i eit heilskapsperspektiv og arbeidet skal ha eit overordna forankring i filosofiane: helsefremjande, førebyggande og tilrettelegging/rehabilitering.
- For å oppnå effektiv utnytting av personalressursar, betre kvalitet i tenestene og eit betre arbeidsmiljø samt førebygge sjukefråver, ønskjer kommunen å kartlegge omfanget av uønska eller frivillig deltid og sjå på moglege løysingar innanfor kommunen sine rammevilkår.
Mål: Innan hovudprosjektet er avslutta skal:
- Sjukefråveret stabilt vere under 6 % i snitt for heile kommunen
- Talet på tilsette som arbeider uønska deltid vere redusert
Delmål:
- Utvikle og vedlikeholde gode system/styringsverktøy
- Kontinuerleg kartlegging av arbeidsmiljøet
- Leiaropplæring med fokus på systematisk HMS/sjukefråværsoppfølging
- Etablere utval som skal arbeide med førebygging
- Tilsette skal ha felles møtepunkt
- Kvar arbeidsplass skal ha tiltak som fokuserer på arbeidsmiljøet
- Gjennomsnittleg storleik på deltidsstillingane skal vere 70 % innan 31.12.2014
Tiltak: 1. Sjukefråvær:
- Tilretteleggingsutval er operasjonalisert
- Felles system for oppfølging. Opplæring til alle personalleiarar, tillitsvalde og verneombod
- Ny rutine ved melding om fråvær
- Temadag om helsefremjande leiing
- Som ledd i førebygging/tilretteleggingsarbeidet har alle einingar oversikt over kjerne- og periferioppgåver
- Samarbeid med fastlegar i kommunen
Tiltak: 2. Heiltid/deltid
- Lærlingar må tilsetjast i 100 % stillingar når dei vert fagarbeidarar
- Tilsette må kunne arbeide på tvers av tenesteområde, (t.d. både i skule og helse)
- Ein må legge til rette for nye arbeidstidsordningar med større stillingsbrøkar
- Ved naturlig avgang for deltidstilsette; tilby deira stillingsbrøk til andre deltidstilsette som ønskjer større stilling. Intern utlysing.
- Vurdere kompetanseheving for ufaglærde som tiltak