Austrheim
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 22.05.2014
Tema: Omdømme
Prosjektleder: Frode Hervik
Bakgrunn: Omdømeprosjektet til Austrheim kommune er knytt til samfunnsutviklingsprogrammet Austrheim heile livet, som har som mål å gjere Austrheim til ein meir attraktiv stad å bu, etablere bedrifter og besøkje.
Prosjekt: Austrheim kommune sitt omdømeprosjekt er knytt til Austrheim som stad og den kommunale verksemda. Det er delt i to delprosjekt. I «Informasjon og dialog» har me fokus på kommunikasjon for å marknadsføre staden og kommunen Austrheim, både til innbyggarar, potensielle innbyggarar og for å trekkje til oss turistar. I «Kommunen som arbeidsgjevar» har me fokus på kompetanse og rekruttering, fordi ein vil få et stort behov for faglærte og folk med høgare utdanning i åra som kjem.
Mål:
- Skape eit omdøme der Austrheim vert identifisert som ein pulserande hav- og kystkommune.
- Skape tettare dialog med og engasjement blant innbyggarane, og få 750 som liker Austrheim kommune på Facebook.
- Oppnå gode resultat i innbyggjar- og brukarundersøkingar.
- Austrheim kommune skal oppfattast som ein vital organisasjon som leverer gode tenester og driv med spennande utviklingsprosjekt.
- Styrke den interne kulturen og kommunen sin attraktivitet som arbeidsgiver.
- Utdanne tilsette til fagarbeidarar innan pleie og omsorg og barnehage og skule, og vidareutdanne lærarar, sjukepleiarar og andre innan prioriterte fagområde.
- Austrheim skal verte leiande lærlingeverksemd mellom kommunane i Nordhordland.
- Få fleire ungdommar til å velje utdanning til fagarbeidarar og høgare utdanning til yrker som kommunen har behov for.
- Behalde arbeidstakarar med etterspurt kompetanse.
Tiltak:
2013
- Gjennomføre innbyggjarundersøking (Borgerundersøkelsen til Sentio).
- Utarbeide kommunikasjonsstrategi for kommunen.
- Gjennomføre meir uformelle questback-undersøkingar som ein arena for kommunikasjon med innbyggarane.
- Kartlegge kompetansen til dei tilsette.
- Utarbeide strategisk kompetanseplan.
Nyhende: