Bømlo
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 22.05.2014
Tema: Sjukefråvere
Prosjektleiar: Knut Martens
Bakgrunn: Bømlo kommune har deltatt i Kvalitetskommuneprogrammet. Her vart det gjennomført prosjekt på nokre av arbeidsplassane i kommunen der ei av hovudmålsetnadane var å redusere sjukefråveret. Gjennom intervju og analyse av den kommunale drifta, har partane bestemt at ein skal ha 8 innsatspunkt av organisatorisk karakter for å betre arbeidsmiljøet og senke sjukefråveret.
Prosjekt: ”Med ein heilskapleg innsats for eit betre arbeidsmiljø”
Mål:
• Redusere det sjukemelde fråværet til under 5,4%.
• Tilrettelegge for eigne tilsette og andre med funksjonshemningar.
• Livsfaseorientert personalpolitikk som inspirerer tilsette over 62 år til å stå i arbeid lengst mogeleg.
Alle med personalansvar skal ha kompetanse og god praksis, og nytte m.a. tilretteleggingstilskot som verkemiddel i arbeidet.
Tiltak: Nye statusmøte med alle verksemdsleiarar og gruppeleiarar etter malen “Oppstartsmøter” inklusive minikurs på nye reglar for oppfølging, rapportering i Altinn og kunsten å søkje tilretteleggingstilskott.
• Medråderettsmøte kvar månad på alle arbeidsplassar
• Årlege medarbeidarsamtalar for alle tilsette
• Årlege arbeidsmiljøundersøkingar på alle arbeidsplassar
• Revitalisere arbeidet i arbeidsmiljøutvalet
• Heilskapleg avvikssystem (kvalitetslosen)
• Plan for nytilsette og bruk av prøvetid
• Samla HMT-plan for heile kommunen
• Oppfølging/tilrettelegging
• Alternativ bruk av tildelete ressursar (heiltid/deltids program)
• Årlege trivselsdagar
• Årleg trivselspris
• Forskingsbasert utvikling: kommunen skal knyte til seg forskingsmiljø som kan
- 1) Forske på vår systematiske måte å jobbe på
- 2) Skyggeforskning og hjelp til å utvikle system
• Livsfaseorientert personalpolitikk (inklusive Folkehelseperspektivet)
Nyhende:
Arbeidsmiljøprisen 2012 til Bømlo kommune
Eit fyrtårn på IA-arbeid
Trivselsdag på Bømlo
Trivsel på jobb er også innovasjon