Etne
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 06.12.2013
Tema: Kompetanse/rekruttering
Prosjektleiar: Linn Kallestadbakken
Bakgrunn: Etne kommune er ein liten kommune med om lag 4000 innbyggjarar, men stor i geografisk utstrekking. Kommunen ligg i Hordaland, men samhandlar i stor grad med fleire nabokommunar i Rogaland då dette er historisk og geografisk mest naturleg. Ei hovudutfordring for Etne er å sikra nødvendig kapasitet og kompetanse til å sikre fortsatt rekruttering og kompetanseheving. Me trur at eit trepartssamarbeid vil bidra til god utvikling og nytenking ved å utvikle dei ressursane me allereie har i kommunen etter krav frå reformer og utfordringar knytt til nye brukargrupper.
Prosjekt: Kompetanse og rekrutteringsutvikling for Etne kommune – «Trygge, Rause og Engasjerte medarbeidarar». Namnet på prosjektet er valt ut frå Etne kommune sine grunnverdiar. Etne kommune er eit lokalsamfunn med MOT, der grunnverdiane trygg, raus og engasjert skal gjennomsyra heile organisasjonen. Hensikta med prosjektet er å få kartlagt kompetansen vi allereie har, potensiale for å auka kompetansen i eigen organisasjon og kartleggje/analysere framtidig kompetansebehov.
Mål: Overordna mål for prosjektet er å fåTrygge, Rause og Engasjerte medarbeidarar med rett kompetanse i alle stillingar i Etne kommune.
- Utarbeide kompetanse og rekrutteringsplan for Etne kommune
- Medarbeidarundersøking – måltal på spørsmål knytt til kompetanse
- Nærvær pr. 31.12.12 – 93,7% - mål 96% innan 2015
- Faste stillingar med lovkrav til utdanning og/eller godkjenning – 100% besatt av kvalifiserte søkjarar
- Lærlingar – 100% av lærlingane fullfører og består fagprøven
- Innføre rutine for sluttsamtaler
Tiltak:
- Kartleggje kompetansen i organisasjonen, utviklingspotensialet og framtidig behov.
- Rutine for tilrettelegging/oppfølging for ekstern arb.kraft (frå NAV, politi, flyktningar) m.o.t. framtidig rekruttering
- Innføre tilbod om sluttsamtale – kartleggje forbetringspotensiale som arbeidsgjevar
- Arbeide for at alle tilsette og alle einingar kjenner og identifiserer seg med MOT sine haldningar - Etne kommune er lokalsamfunn med MOT og tuftar sin leiarfilosofi og verdiane Trygg, Raus og Engasjert på MOT-filosofien.
- Revidere retningslinjene for seniorpolitikken i Etne kommune – korleis få kompetente arbeidstakarar til å stå lenger i arbeid?
- Revidere rutinen for oppfølging av sjukmeldte arbeidstakarar
- Ferdigstille og få vedtatt introduksjonsprogram for nytilsette
- Utarbeide og få vedtatt introduksjonsprogram for leiarar
- Ta i bruk eksisterande system for elektronisk kartlegging av kompetanse
Nyheter: