Lom
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 17.01.2014
Tema: Kompetanse/rekruttering
Prosjektleiar: Egil Haug
Bakgrunn: Lom kommune ønskjer å utvikle ein framtidsretta og berekraftig arbeidsgjevarstrategi. Det er gjennom ei periode arbeidd systematisk med styringsinformasjonssystem i kommunen. Dette gjeld òg innan medarbeidar- og arbeidsgjevardimensjonen. En framtidsretta og berekraftig arbeidsgjevarstrategi er særdeles viktig for kommunen for å kunne møte forventa tenestekvalitet og tenestekapasitet fram i tid der rekruttering av kompetente medarbeidarar i større og større grad vil vere avgjerande..
Prosjekt: ”Strategisk kompetanseplan”
Mål:
- Utvikle ein strategisk kompetanseplan som sikrar gode tenester i framtida
- Sikre samsvar mellom krav og mål på tenestene og den enkelte si kompetanse
- Å bli ein attraktiv arbeidsgjevar gjennom god kompetansestyring
Tiltak: Innan kompetanseheving er skulane allereie i gang med prosjekt gjennom satsinga
”Kompetanse for kvalitet 2015”. Det same gjeld for barnehagane. I Pleie og Omsorg er det eit
samarbeid med Skjåk og Vågå gjennom Undervisningssenter for heimetenester, hospitering
hjå andre og rullering på avdelingar. I støttefunksjonen er det ynskjeleg å kunne auke kompetansen blant dei tilsette og få til ein mindre sårbar og meir lærande organisasjon gjennom intern undervisning.
Nyheiter:
Dokumenter: