Meland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 09.10.2012
Tema: Omdømme
Prosjektleiar: Guro Osnes
Bakgrunn: Meland kommune har behov for å utvikle ein felles identitet, og ønskjer å utvikle omdømmet både som organisasjon og som arbeidsgjevar. Omdømmeperspektivet er forankra og har link til kommunen sitt utviklingsarbeid på fleire område, t.d. vil det vere eit viktig perspektiv i Samfunnsdelen i kommuneplanarbeidet.
Prosjekt: ”Omdømmebygging i ein vekstkommune”. Prosjektet er delt inn i to delprosjekt: "Samarbeid om etisk kompetanseheving" og "Ny strategisk arbeidsgjevarplattform". Det kan bli oppretta fleire delprosjekt undervegs etter behov og analyse av ståstad og fastsette satsingsområde.
Mål: Styrka kommunen sin identitet gjennom systematisk og langsiktig arbeid med omdømmebygging.
Delmål:
- God bygging av organisasjonsidentitet og lokalsamfunnsidentitet.
- God dokumentasjon og kommunikasjon av oppnådde resultat. God informasjon til brukarar, innbyggjarar og media. God mediehandtering.
- God dokumentasjon og kommunikasjon av arbeidsgjevarkvalitetar.
- Auka kunnskap og bevisstgjering om omdømmebygging internt.
Tiltak:
- Tenestefokus må leggjast til grunn.
- Framhald og vidareutvikling av trepartssamarbeidet som arbeidsform.
- Etikk og etisk kompetanseheving (for heile organisasjonen).
- Bevisstgjering kring kommunen sin visjon – definere verdiar inn under visjonen.
- Omdømmedag – Stor felles temasamling for folkevalde, leiarar og tillitsvalde.
- Bevisstgjering av rolla som ambassadør.
- Kommunikasjon – intern og ekstern, mot media, mot innbyggjarar, mot ungdom.
- Informasjonsplan.
- Marknadsføring og grafisk profilering av kommunen.
- Kople til arbeidet med samfunnsdelen i kommuneplanen.
Nyheter: