Historisk arkiv

Meland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

kommunevåpen for Meland

Tema: Omdømme

Prosjektleiar: Guro Osnes

Bakgrunn: Meland kommune har behov for å utvikle ein felles identitet, og ønskjer å utvikle omdømmet både som organisasjon og som arbeidsgjevar. Omdømmeperspektivet er forankra og har link til kommunen sitt utviklingsarbeid på fleire område, t.d. vil det vere eit viktig perspektiv i Samfunnsdelen i kommuneplanarbeidet.

Prosjekt: ”Omdømmebygging i ein vekstkommune”. Prosjektet er delt inn i to delprosjekt: "Samarbeid om etisk kompetanseheving" og "Ny strategisk arbeidsgjevarplattform". Det kan bli oppretta fleire delprosjekt undervegs etter behov og analyse av ståstad og fastsette satsingsområde.

 

Mål: Styrka kommunen sin identitet gjennom systematisk og langsiktig arbeid med omdømmebygging.

Delmål:

  • God bygging av organisasjonsidentitet og lokalsamfunnsidentitet.
  • God dokumentasjon og kommunikasjon av oppnådde resultat. God informasjon til brukarar, innbyggjarar og media. God mediehandtering.
  • God dokumentasjon og kommunikasjon av arbeidsgjevarkvalitetar.
  • Auka kunnskap og bevisstgjering om omdømmebygging internt.

Tiltak:

  • Tenestefokus må leggjast til grunn.
  • Framhald og vidareutvikling av trepartssamarbeidet som arbeidsform.
  • Etikk og etisk kompetanseheving (for heile organisasjonen).
  • Bevisstgjering kring kommunen sin visjon – definere verdiar inn under visjonen.
  • Omdømmedag – Stor felles temasamling for folkevalde, leiarar og tillitsvalde.
  • Bevisstgjering av rolla som ambassadør.
  • Kommunikasjon – intern og ekstern, mot media, mot innbyggjarar, mot ungdom.
  • Informasjonsplan.
  • Marknadsføring og grafisk profilering av kommunen.
  • Kople til arbeidet med samfunnsdelen i kommuneplanen.

Nyheter: