Rennesøy
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 06.08.2012
Prosjektleiar: Frank Westad
Bakgrunn: Nabokommunane Finnøy og Rennesøy har over tid utvikla eit tett samarbeid innanfor fleire fag- og tenesteområde. Det var derfor naturleg å opprette eit felles prosjekt. Finnøy og Rennesøy er små kommunar i ein region med stort press og hard konkurranse om arbeidskraft og kompetanse. Utan kompetente og motiverte tilsette stiller kommunen svakt i arbeidet for å tilby kvalitetstenester og yte service på høgt nivå til innbyggjarane. I ein slik situasjon ønskjer kommunane å ha eit sterkare fokus på kompetanse- og rekrutteringsutfordringar. Status ved prosjektstart er mellom anna:
• Kommunane er kome kort når det gjeld systematisk kartlegging av kompetansebehov og tilgjengeleg kompetanse.
• Datagrunnlag og dokumentasjon til hjelp i kompetansekartlegging/-planlegging og rekrutteringsarbeid er relativt tilfeldig. Det finst ikkje elektronisk verktøy i bruk for slik kartlegging.
• Kommunane har ikkje eit system/plan for strategisk og heilskapleg kompetanseplanlegging og –styring.
• Kommunane har behov for å styrkje basiskompetansen på leiarnivå – med fokus på leiing/læring generelt og økonomi- og personalleiing spesielt.
Prosjekt: Saman om ein betre kommune. Dette blir eit ”paraplyprosjekt” som direkte og indirekte skal tilføre erfaring, kunnskap og engasjement til kompetanse- og rekrutteringsarbeidet i alle ledd i organisasjonen i dei to kommunane.
Mål:
• å etablere eit system for betre heilskapleg kompetansestyring.
• å utarbeide strategisk kompetanseplan og bruke denne systematisk – som strategisk
verkemiddel i leiing, styring og oppfølging.
• å samarbeide om kompetanseutviklings- og rekrutteringstiltak, herunder utnytte optimalt felles ressursar på område med behov for fagleg spisskompetanse.
• å utvikle leiarkompetanse, herunder tilføre auka kunnskap om, kjennskap til og forståing for systematisk kompetansestyring.
Tiltak: For perioden 2012-13 har kommunane førebels prioritert følgjande aktivitetsmål:
• Å gjennomføre pilotprosjekt med fokus på behovs- og kompetansekartlegging på det
helsefaglege området helse i Finnøy kommune. Systematisk evaluering av piloten skal
leggje grunnlag for planlegging og gjennomføring av ein brei kartleggingsprosess og
oppstart av arbeid med strategisk kompetanseplan i begge kommunane.
• Å førebu innføring av felles elektronisk kompetansekartleggingsverktøy, herunder
nødvendig opplæring.
• Å gjennomføre felles pilotprosjekt med fokus på dokumentasjon - med sikte på å
sertifisere alle medarbeidarar innan området pleie og omsorg i bruk av dokumentasjonsverktøy.
• Å gjennomføre eit basis leiarutviklingsprogram for alle leiarar i Finnøy - med fokus
på refleksiv leiing og læring (m.a. ut frå erfaringar frå gjennomført opplæring i
Rennesøy).
• Å gi alle einingsleiarar kompetansegivande vidareutdanning i økonomileiing i løpet av
prosjektperioden.
• Å planleggje og gjennomføre felles kompetansegivande vidareutdanning i personalleiing i begge kommunane.
• Å fullføre pågåande visjons- og verdiprosess i Rennesøy (overføringsverdi til Finnøy).
Nyhende: