Historisk arkiv

Stord

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunevåpenet til Stord

Tema: Sjukefråvær

Prosjektleder: Jon Eirik Kvalnes 

Bakgrunn: Stord kommune har delteke i Kvalitetskommuneprogrammet. Her vart det gjennomført prosjekt innanfor pleie og omsorgseiningane i kommunen der ei av hovudmålsetnadane var å redusere sjukefråveret og leggje til rette for gravide i arbeid.I løpet av prosjektet vart det nedgang i sjukefråværet. Stord kommune har i 2012 eit sjukefråvær på 8,9 og sjølv om Stord  ikkje er blant kommunar  med høgast  fråvær, ser me det som svært viktig å bli enda betre. Me ønskjer å setja fokus på nærvær i staden for fråvær og setja det i samanheng med godt omdøme og rekruttering .

Prosjekt: Saman om ein betre kommune.

Prosjektet blei vedteke igangsett av Driftsstyre. Prosjektet starta opp i 2013 og går fram til og med 2015. Det er utarbeida ein hovedprosjektplan som definerer overordna målsettingar, organisering av prosjektet og tiltak.

Mål: Målet er å skapa best mogelege tenester til innbyggjarane for å stå rusta til å møta framtida sine utfordringar med bærekraftige kommunale tenester.

Stord kommune sine tilsette har eit nærvær på 92.5% i 2013 og ut økonomiplanperioden. Med fokus på helsefremjande og meiningsfyllt arbeidssituasjon for tilsette, ønskjer me å sikre gode tenester for innbyggjarane.

Tiltak:

  • Tiltak for helsefremjande arbeidsplassar
  • Kartlegging og analyse av sjukefråvær
  • Revisjon av overordna HMT system/implementering
  • Gjennomgang av rutinar for oppfølging og tilrettelegging av sjukemeldte/implementering
  • Styrking av leiarfunksjonen
  • Samarbeid med bedriftshelsetenesta/Nav/arbeidslivssenteret og andre
  • Tiltak for omdømebygging
  • Tiltak for rekruttering