Historisk arkiv

Tek opp 59 nye kommuner i programmet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

21. november var det programrådsmøte i Saman om ein betre kommune. Øvst på dagsorden denne gangen sto opptak av nye kommunar.

21. november var det programrådsmøte i Saman om ein betre kommune. Øvst på dagsorden denne gangen sto opptak av nye kommunar. 

God framdrift
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete ga programrådet ei statusoppdatering for programmet. Ifølgje statsråden jobbar storparten av kommunane bra og har ei god framdrift. 

- Det har vore høg aktivitet det siste halvåret. Kommunane har delteke både på nettverkssamlingar og prosjektleiarsamling. I tillegg har 15 av kommunane halde lokale temadagar, noko som er svært positivt.

 

Frå venstre: Erik Kollerud, YS Kommune; Mette Gundersen, KS; statsråd Liv Signe Navarsete; Mimi Bjerkestrand, UNIO; Jan Davidsen LO Kommune; Anders Kvam, Akademikerne (Foto: Ingebjørg Sørenes).

Frå venstre: Erik Kollerud, YS Kommune; Mette Gundersen, KS; statsråd Liv Signe Navarsete; Mimi Bjerkestrand, UNIO; Jan Davidsen LO Kommune; Anders Kvam, Akademikerne (Foto: Ingebjørg Sørenes).

 

Stor semje om opptaket
Eit samstemd programråd gjekk inn for å ta opp 51 nye prosjekt med til saman 59 kommunar til pulje to av programmet. Etter opptak av pulje to tel Saman om ein betre kommune totalt 110 kommunar.

Medan det i pulje ein vart flest prosjekt retta mot sjukefråvere og heiltid/deltid, har ei overvekt av søknadane til pulje to hatt omdøme og kompetanse/ rekruttering som tema, gjerne i kombinasjon. Mange av søkarane ynskjer også å jobbe med innovasjon og fornying innanfor dei fire temaområda.

- Det blir spanande å følgje prosjekta dei  no skal i gang med. Vi håpar å dra nytte av denne lærdomen til andre kommunar. Kanskje kan vi også hente inspirasjon til arbeidet vårt med innovasjonsstrategi for kommunesektoren som kjem til neste år, sa Navarsete.

Inspirerande frå Molde
Prosjektleiar og personal- og organisasjonssjef Mette Holand hadde tatt turen frå Molde for å presentere korleis dei jobbar med Saman om ein betre kommune. I Molde arbeidar dei med tema sjukefråvere, men sveipar også innom rekruttering/kompetanse, omdøme og  heltid/deltid ettersom alt kan sjåast i samanheng.

 

Statsråd Liv Signe Navarsete og Prosjektleiar og personal- og organisasjonssjef Mette Holand i Molde kommune
Statsråd Liv Signe Navarsete og Prosjektleiar og personal- og organisasjonssjef Mette Holand i Molde kommune (Ingebjørg Sørenes)

 

Kommunen har sett i gang fleire delprosjekt. Felles for prosjekta er høg fokus på å spørje kvifor, og det å sjå seg sjølv utanfrå. Molde er vennskapsby med Vejle i Danmark, og har ein innbyrdes avtale om hospitering som dei har dratt stor nytte av i prosjektet.

Alle partane i programmet gav uttrykk for at innlegget til Holand var svært inspirerande, og at det var viktig og interessant å få høyre rapportar frå det som skjer på grasrotnivå i programmet.

 

Kommunar som har fått opptak i pulje 2:
Akershus: Oppegård, Rælingen, Sørum
Buskerud: Ringerike: Øvre Eiker
Finnmark: Båtsfjord
Hedemark: Hamar, Os, Tolga, Åsnes
Hordaland: Austrheim, Etne, Stord, Vaksdal
Møre og Romsdal: Fræna, Kristiansund, Stordal, Sunndal, Surnadal, Ørsta
Nordland: Andøy, Dønna, Lofotsamarbeid (Værøy, Moskenes, Flakstad, Røst)
Nord-Trøndelag: Grong, Høylandet, Inderøy, Innherred Samkommune (Levanger og Verdal)
Oppland: Nordre Land, Sel, Vågå, Østre Toten
Rogaland: Eigersund, Haugesund
Sogn- og Fjordane: Høyanger, Sogndal
Sør-Trøndelag: Frøya, Midtre Gauldal, Oppdal, Rissa, Åfjord
Telemark: Porsgrunn
Troms: Ibestad, Kvæfjord, Lenvik, Salangen, Skånland, Sørreisa
Vest-Agder: Listerregionen (Flekkefjord, Hægebostad, Kvinesdal, Lyngdal, Sirdal)
Vestfold: Andebu, Nøtterøy
Østfold: Sarpsborg, Spydeberg

Lenkje til pressemelding om nytt opptak av kommunar