Historisk arkiv

Oversikt over nye og endra statlege styringssignal retta mot kommunane bygd på vedtak i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Miljøverndepartementet
Fiskeri- og kystdepartementet
Finansdepartementet
Justisdepartementet
 

Rundskriv om universell utforming

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har utarbeidd eit rundskriv som klargjer korleis plikta til universell utforming i diskriminerings- og tilgjengelegheits-
lova er å forstå (rundskriv Q-29/2010).

Plikta er gjeven i diskriminerings- og tilgjengelegheitslovens § 9 og  rettar seg mellom anna mot publikumsretta verksemder som  forretningar, restaurantar, kinoar og offentlege kontor. Slike verksemder skal sikre at lokaler og areal som er meint for publikum er universelt utforma. Rundskrivet gjev eksempel på kva plikta inneber, kva som kan krevjast av verksemdene, korleis dei kan arbeide aktivt og målretta, og korleis saksgangen i ein klagesak etter diskriminerings- og tilgjengelegheitsloven kan vere.

Barne- og likestillingsdepartementet


Politikken for menneske med utviklingshemming
I programmet ”Mennesker med utviklingshemming skal heller ikke diskriminerast! Informasjons og utviklingsprogram 2010 – 2013” (Q-1176 B) blir retningslinene for politikken for menneske med utviklingshemming presisert. Det gjerast m.a. greie for arbeidet med statlege tiltak som vil kunne hjelpe kommunesektoren til å gjennomføre politikken på sine område betre.

Rundskriv om universell utforming
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har utarbeidd eit rundskriv som klargjer korleis plikta til universell utforming i diskriminerings- og tilgjengelegheits-
lova er å forstå (rundskriv Q-29/2010).

Plikta er gjeven i diskriminerings- og tilgjengelegheitslovens § 9 og  rettar seg mellom anna mot publikumsretta verksemder som  forretningar, restaurantar, kinoar og offentlege kontor. Slike verksemder skal sikre at lokaler og areal som er meint for publikum er universelt utforma. Rundskrivet gjev eksempel på kva plikta inneber, kva som kan krevjast av verksemdene, korleis dei kan arbeide aktivt og målretta, og korleis saksgangen i ein klagesak etter diskriminerings- og tilgjengelegheitsloven kan vere.

Internkontroll i kommunalt krisesentertilbod
Det følgjer av lov om kommunale krisesentertilbod § 8 at kommunen skal føre internkontroll for å sikre at verksemdene og tenestene som er omfatta av krisesentertilbodet utfører oppgåvene sine i samsvar med krav fastsette i lov og forskrift. Kommunen må kunne gjere greie for korleis ein oppfyller denne plikta. Til hjelp i arbeidet er det utarbeida ein rettleiar for kommunane om internkontroll.
Satsing på kommunalt barnevern 2011
Stortinget har løyvd 240 mill. kroner til ei øyremerka styrking av barnevernet i kommunane. Fylkesmannen vil dele ut midlane etter søknad frå kommunane. Nye stillingar skal ha hovudprioritet, men kommunar som har nok stillingar kan søke om midlar til enkelte andre tiltak som styrker barnevernet. Det er laga eit rundskriv til kommunane om satsinga.

 

Helse- og omsorgsdepartementet


Nasjonale mål og hovudprioriteringar i 2011
Meininga med rundskrivet er å gi kommunane, fylkesmannen, de regionale helseføretak og fylkeskommunane samla informasjon om nasjonale mål og hovudprioriteringar.
Ny forskrift om praktisk teneste for å få autorisasjon som fysioterapeut
Med heimel i forskrifta § 19 har Helsedirektoratet utarbeidd nye retningsliner for turnustenesta. Siktemålet er å gi turnusstader i kommunar og helseføretak, turnusfysioterapeutar, turnusrettleiarar, fylkesmenn og studentar informasjon om krav til faglig innhald, administrering og valordning i turnustenesta.
Rettleiar forskrift individuell plan
Rettleiaren erstattar ei eldre utgåve til same forskrift. Den gjeld kommunen og helseføretaka sitt tilbod til personar med behov for langvarige og koordinerte tenester.

Rettleiar for helsetenestetilbodet til asylsøkarar, flyktningar og familiegjenforente
Rettleiaren erstattar ein eldre rettleiar om same tema. Det er usikkerheit i utøvande tenester om rettstilstand og kven som skal betale for kva for dei ulike gruppene. Rettleiaren klargjer ein del slike spørsmål.

Frivilljug underlivsundersøking
Nytt rundskriv om tilbod på landsbasis om samtale og frivillig underlivsundersøking til jenter/kvinner med bakgrunn frå land der kjønnslemlesting vert praktisert.

 

Kommunal- og regionaldepartementet


Startlån
Låneramma til Husbanken for 2011 er sett til 15 mrd. kroner. Innanfor låneramma er startlån til unge og vanskelegstilte på bustadmarknaden prioritert.
Arbeidet mot bustadløyse
Arbeidet mot bustadløyse har førsteprioritet innanfor Husbanken sitt bustadsosiale arbeid i 2011. Husbanken skal fortsetje sitt strategiske arbeid med bustadsosialt samarbeid med kommunane, og rette storparten av ressursane mot dei kommunane som har størst bustadsosiale utfordringar. Kommunal- og regionaldepartementet viser til lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga der det vert presisert at Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunane oppfyller pliktene sine etter kapittel 4, medrekna § 27 mellombelse butilbod.
Prop. 115 L (2009-2010) Endringer i burettslagslova mv.
Endringar som sett forbod mot å etablere såkalla låginnskotsburettslag vart sett i verk frå 1. januar 2011. Fellesgjelda i burettslag skal no ikkje vere på meir enn 75 pst. når eit nytt burettslag vert stifta. Samstundes skal kjøpar sikrast opplysningar om totalpris på bustaden. Det er óg innført forbod mot såkalla ”spekulasjonskjøp”, som mellom anna inneber at eigedomsselskap ikkje kan spekulere i å kjøpe og selje burettslagsbustader frå utbyggjar. Det er vidare sett ned eit forbod mot å etablere festeforhold på utbygde eigartomter. 
Ny byggjesaksdel i plan- og bygningslova
Ny byggjesaksdel i plan- og bygningslova og nye byggjeforskrifter vart sett i kraft 1. juli 2010. Nye reglar skjerpar krava til kvalitet på både bygg og byggjeprosess. Nye bygg skal til dømes ha meir klima- og miljøvenlege løysingar og vere tilpassa folk i alle aldrar og livssituasjonar. Nytt er også at ein kan få opp til 400 000 kroner i gebyr for å bryte byggjereglane. Vidare er det krav om ferdigattest for dei fleste tiltaka, og kommunen kan med den nye lova påleggje at feil og manglar rettast i fem år etter at ferdigattest er gjeven. Frå 1. juli 2011 skal det førast uavhengig kontroll på viktige og kritiske område og oppgåver i alle byggjesaker, til dømes våtrom, konstruksjonstryggleik, geoteknikk og branntryggleik.
Endra habilitetsreglar
I Ot.prp. nr. 50 (2008–2009) gjorde KRD framlegg om endringar i forvaltningslova som skjerpar reglane om habilitet for styremedlemmer osb. i offentleg heileigde selskap. Endringane gjeld frå 1. november 2011 og går ut på å oppheve unntaket for offentleg heileigde selskap i forvaltningslova. Dette ber med seg at offentlege tenestemenn og folkevalde, som óg er leiar eller styremedlem eller liknande i eit offentleg heileigd selskap , automatisk vil bli ugilde ved handsaminga av ei sak i kommunen der selskapet er part.
Reviderte reglar om opne møte
Stortinget vedtok 14. desember 2010 endringar i reglane om møteoffentlegheit i kommuneloven, jamfør Prop. 152 L (2009–2010). Lovendringane trer i kraft 1. juli 2011.
Reglane om møteoffentlegheit har fått ei ny utforming som skal gjere det tydelegare når eit folkevald organ har grunnlag for å lukke møte for offentlegheita. Dei nye reglane om møteoffentlegheit er meir presise og enklare å bruke, og målet med lovendringane er at siktemålet med reglane om møteoffentlegheit skal bli betre ivaretatt  i kommunane. Vidare vil auka openheit vere konsekvensen av at det ikkje lenger skal vere muleg å lukke møte når formannsskapet handsamar og gjer innstilling til årsbudsjettet.

 

Kunnskapsdepartementet


Lovendringar i 2010 på utdanningsområdet
25. juni 2010 nr. 49 Lov om endringar i opplæringslova og privatskolelova (leksehjelp m.m.).

Lovendringar i 2010 på barnehageområdet

Endring i barnehageloven 19. des 2008 nr. 119.

Endring i barnehageloven 19 juni 2009 nr. 93.

Endring i barnehageloven tilføyd ved lov 18. juni 2010 nr. 26.

Ny forskrift i 2010 på utdanningsområdet
24. juni 2010 nr. 965 Forskrift om diverse skoler etter voksenopplæringsloven.

Ny forskrift på barnehageområdet
29. oktober 2010 nr. 1379 Forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentlige tilskudd til ikke-kommunale barnehager.

Forskriftsendringar i 2010 på utdanningsområdet

16. juni 2010 nr. 839 Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og til privatskolelova.

30. juni 2010 nr. 1046 Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova.

7. juli 2010 nr. 1081 Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova.

Endringar i læreplanane for Kunnskapsløftet.

Rundskriv i 2010 på utdanningsområdet

F-10-10 Informasjon om endringer i opplæringsloven og privatskoleloven.

Udir-1-2010 Individuell vurdering i grunnskolen og videregående opplæring etter forskrift til opplæringsloven kapittel 3.

Udir-2-2010 Retten til et godt psykososialt miljø etter opplæringsloven kapittel 9a.

Udir-3-2010 Bruk av alternative opplæringsarenaer i grunnskolen.

Udir-4-2010 Retningslinjer for særskilt tilrettelegging av sentralt gitt skriftlig eksamen i matematikk, kjemi, fysikk og biologi

Udir-6-2010 Informasjon om leksehjelp på 1.–4. årstrinn i grunnskolen.

Udir-7-2010 Foreldresamarbeid i grunnskolen og videregående opplæring.

Udir-8-2010 Kunnskapsløftet - fag- og timefordeling for grunnopplæringen og tilbudsstruktur i videregående opplæring

Udir-9-2010 Elevens rett til læremiddel på eiga målform.

Udir-11-2010 Om forskrift om diverse skoler etter voksenopplæringsloven kapittel 4.

Udir-12-2010 Informasjon om krav til tilpasning av opplæringen i fellesfagene.

Rundskriv i 2010 på barnehageområdet

F-01/2010 Statstilskudd til barnehager - nye tilskuddssatser for 2010 mv.

F-02/2010 Statstilskudd til drift av barnehager.

F-03/2010 Tilskudd til faste plasser i midlertidige barnehagelokaler.

F-04/2010 Investeringstilskudd til nye barnehageplasser.

F-07/2010 Utmåling av kommunalt tilskudd til ikke-kommunale barnehager (2010).

F-11/2010 Skjønnsmidler til drift av barnehager 2010

 

Landbruks- og matdepartementet


Endringar i stikkprøvekontrollen
Tidlegare har ein gjennom Statens landbruksforvaltning maskinelt trekt ut 5 pst. av søkjarmassen til stikkprøve-kontroll. Kommunane skal frå søknadsomgangen januar 2011 plukke ut 2,5 pst. av søkjarmassen i eiga kommune til stikkprøvekontroll. Gjennomføringa av stikkprøvekontrollen utførast som før av kommunen.

 

Miljøverndepartementet


Ny geodatalov
Lov av 3. september 2010 nr. 56 om infrastruktur for geografisk informasjon (geodataloven) skal medverke til god og effektiv tilgang til offentleg geografisk informasjon (geodata) for offentlege og private føremål. Lova er óg iverksetting av direktiv 2007/2/EF av 14. mars 2007 om etablering av ein infrastruktur for geografisk informasjon i Det europeiske fellesskapet (INSPIRE) i norsk rett. Betre tilgang til geodata er ein føresetnad for god miljøpolitikk og god miljøforvaltning. Geodata som har verknad for miljøpolitikken, skal kunne settast saman og delast på tvers av administrative  og organisatoriske grenser.

Lova pålegg offentlege statlege og kommunale myndigheiter å dele geodata, og å samarbeide om den geografiske infrastrukturen. Myndigheitene skal opprette og drive eit nettverk av elektroniske tenester for mellom anna søking, syning og nedlasting av geodata. Tenestene skal være tilgjengeleg for ålmenta. Den praktiske oppfølging av tiltak som følgjer av lova vil skje gjennom det etablerte Noreg digitalt samarbeidet.

Oppgåver etter naturmangfaldlova
Naturmangfaldlova har verka sidan 1. juli 2009. Ei oversikt over oppgåver etter lova for dei ulike forvaltningsnivåa, under dette kommunane, er nyleg utarbeida av Miljøverndepartementet og ligg her. Særleg viktig for kommunane er føresegn i naturmangfaldlova  kapittel II – alminnelege føresegn om berekraftig bruk. Departementet arbeider med ein rettleiar som vil bli lagt ut på lenka over så snart den ligg føre.

Departementet arbeider og med forskrifter om prioriterte arter og utvalte naturtypar. Kommunane vil ha ei sentral rolle i forvaltninga av dei utvalte naturtypane, og det vil bli utarbeida ein eigen rettleiar for dette arbeidet. Denne vil óg bli lagt ut på lenka over.

Vassforvaltning
11. juni 2010 godkjende Kongen i statsråd dei første regionale vassforvaltningsplanane i Noreg. Planen skal leggjast til grunn for regionale organ sin verksemd og for kommunal og statlig planlegging og verksemd i vassregionen, jf. vassforskrifta § 29 i plan- og bygningslova § 8-2.

 

Fiskeri- og kystdepartementet


Forskrift om samordning og tidsfristar i handsaminga av akvakultursøknadar
Ikraftsetjing av Forskrift 18. mai 2010 nr. 708 om samordning og tidsfrister i behandlingen av akvakultursøknader.



Finansdepartementet


Kontorstruktur skatteetaten
Regjeringa har gitt skatteetaten fullmakt til å endre kontorstrukturen. Dette inneber ei fullmakt til å leggje ned kontor med færre enn fem tilsette, jf. Prop. 1 S (2010-2011) for Finansdepartementet. Skatteetaten har i dag ein kontorstruktur med mange små kontor, noe som er utfordrande både fagleg og med omsyn til kostnader. Bakgrunnen for fullmakta er å gje skatteetaten moglegheit til ein meir tenleg organisasjon med betre oppgåveløysing og eit jamnare servicetilbod i små kommunar.
 
Det er ein føresetnad for fullmakta at skatteetaten i prosessen med å leggje ned mindre kontor har ein dialog med dei aktuelle kommunane om serviceavtale eller ei anna form for lokalt servicetilbod. Arbeidet er i ei fase med planlegging, og det er førebels ikkje tatt avgjerd i skatteetaten om kva for kommunar fullmakta kjem til å bli brukt i. Skatteetaten ynskjer å ha ein god dialog med desse kommunane for å finne formålstenlige løysingar gjennom alternative tenestetilbod.  

Justisdepartementet


Ny sivilbeskyttelseslov
Lov 25. juni 2010 nr. 45 om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelsesloven) blei sett i kraft 1. januar 2011. Lova fører vidare avgjersla om kommunal vernebuingsplikt, sett i kraft 1. januar 2010. I tillegg fører lova vidare kommunen sine plikter som også var regulert i sivilforsvarslova av 1953. Pliktene til kommunen etter lova er summert i § 12 til lova - Kommunens plikter.  Dette gjeld avgjersle om kommunen si hjelp til gjennomføring av Sivilforsvarets oppgåver og tiltak, som eksempelvis å stille rom og kommunal grunn til rådvelde ved utdannings- og øvingsformål for Sivilforsvaret, ivareta oppgåver i samband med lagring og vedlikehald av Sivilforsvarets materiell, byggje, utstyre, innreie og vedlikehalde offentlege tilfluktsrom samt planlegging og støtte ved gjennomføring av evakuering.
Ekstraordinære val av medlemmer til lekdommerutvala
Etter lovendringar 25. juni 2010 nr. 47 bestemmer domstollova § 66a at kommunane, på bestilling frå domstolleiarane, skal foreta ekstraordinære val av medlemmer til lekdommarutvala undervegs i ein valperiode. Endringane vil få verknad for nokre kommunar, men er berre meint å bli brukt unntaksvis der domstolane får eit uventa behov for fleire lekdommarar i løpet av ein valperiode. Vidare er tidspunkta for dei ordinære vala flytta, slik at domstolane og utvalsmedlemmene blir gitt tid til å innrette seg etter vala, sjå domstollova §§ 64, 65, 66 og 69. For å sikre ein smidigare prosess ved valet av skjønnsmedlemmer i fylkeskommunane, er dessutan fristreglane i skjønnsprosesslova lausrivne frå reglane om val av lekdommarar, sjå skjønnsprosesslova § 14.

Ny verjemålslov
Stortinget vedtok våren 2010 ny verjemålslov (LOV 2010-03-26 nr 09: Lov om vergemål (vergemålsloven)). Etter den nye lova skal dagens ordning med kommunale overformynderi avviklast og ny lokal verjemålsmakt skal leggast til fylkesmennene. Forskriftene til lova vil snart bli sendt på høyring.

Lova skal gjelde frå det tidspunkt Kongen fastset. Iverksettingstidspunktet vil avhenge av naudsynte løyvingar i statsbudsjettet. Kommunane må vere førebudd på ei prolongering av dei kommunale overformynderia også inn i neste valperiode frå 1. januar 2012.

Justisdepartementet har frå 1. januar 2011 starta eit prosjekt som vil planlegge overføringa frå kommune til stat. Fylkesmennene vil ha ansvaret for dialogen med kommunane når det gjeld oppfølging av denne saka.

Oversikt over bilaterale
samarbeidsavtaler i konsultasjonsordningen
per januar 2011

Avtaler om velferdstjenester (kvalitet/tjenesteutvikling)

Parter

Inngått

Utløper/status

Første avtale inngått

1 Avtale om utvikling av barnevernsområdet BLD og KS 19.08.2008 Reforhandling pågår 2005
2 Avtale om kvalitetsutvikling i helse- og omsorgstjenestene HOD og KS 21.09.2006 Midlertidig forlenget i 2011 2003
3 Samarbeidsavtale om boligsoialt arbeid KRD samordn. (AD, HOD, BLD, JD) og KS 24.09.2007 Reforhandling pågår 2005
4 Avtale om flyktninger i kommunene JD, BLD og KS 15.05.2007 Midlertidig forlenget i 2011 2004
5 Nasjonal rammeavtale om samhandling på helse- og omsorgsområdet HOD og KS 21.06.2007 Midlertidig forlenget i 2011  
6 Samarbeidsavtale om styrket samarbeid NAV og utdanningsmyndighetene i k/fk** AD og KS 02.05.2007 Midlertidig forlenget i 2011  

Avtaler om samfunnsutvikling

       
7 Samarbeidsavtale om landbruks- og næringsutvikling i kommunesektoren LMD og KS 01.01.2010 31.12.2012 2006

 **kommunen/fylkeskommunen