Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 04.11.2009
Fylkeskommunane har fått ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte utfordringar som er knytte til den regionale utviklinga. Fylkeskommunen har eit viktig ansvar for regional utvikling gjennom fylkesplanlegging, tenesteproduksjon, forvaltning av distrikts- og regionalpolitiske verkemidlar og internasjonalt samarbeid.

Rolla som regional utviklingsaktør inneber mellom anna å etablere møteplassar, leie regionale partnarskapar, setje dagsorden og identifisere problemstillingar som er knytte til regional utvikling i eige område, inngå i nettverk og ha dialog med aktørar og brukargrupper.
Det skal gjennomførast ei forvaltningsreform som skal gjelde frå 1.1.2010. Nye folkevalde regionar skal erstatte dagens fylkeskommunar. Regjeringa la fram St. meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn - regional framtid i desember 2006. Sjå lenke til ytterlegare omtale av forvaltningsreforma.
Lenke til relevante publikasjonar
- Lokaldemokrati og partnerskap – kan partnerskap styrke demokratiet? (pdf-format) Konsulent og tidligare seniorrådgivar i Kommunal- og regionaldepartementet Øystein Bjørgum, har skrive rapporten. Den primære formålet er å sjå på forholdet mellom lokaldemokrati og partnarskap. Rapporten er finansiert av KRD (januar 2006).
- Fylkeskommunenes rolle som regional utviklingsaktør og partnerskapenes funksjon i den samanheng. Nordregio Working Paper 2005:1.