Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 31.10.2013
Regjeringa satser på å øke representasjonen av kvinner i lokalpolitikken, her kan du lese mer om dette prosjektet.
Regjeringa si satsing Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken har som føremål å oppnå ei jamn fordeling av kvinner og menn i kommunestyra - spesielt i leiande verv. 22 kommunar frå heile landet er utvalde. Dei vart utvalde med bakgrunn i søknader der dei skisserte ulike tiltak for å betre kjønnsbalansen i kommunestyra sine, spesielt i leiande verv. Tiltaka kan grovt delast inn i fem typar: Uni Rokkansenteret har fått oppdraget med å evaluere satsinga. Forskarane skal systematisere erfaringane frå alle tiltaka som er sett i gang. Dei skal i tillegg skaffe fram kunnskap om kva tiltak som vil ha størst effekt for å oppnå målet om ei jamn kjønnsfordeling i lokalpolitikken. Gode erfaringar skal spreiast til resten av Kommune-Noreg. Kommunal- og regionaldepartementet arrangerer kvart år ein konferanse/samling med alle kommunane som deltek. Føremålet er å auke kunnskapen og merksemda om vilkåra for kvinner si deltaking i lokalpolitikken. Samlingane skal inspirere og spreie erfaringar mellom utstillingsvindaugekommunane undervegs i prosjektperioden. Deltakande kommunar og kommunenettverk:
Prosjektperiode:Prosjektperioden vil vare i heile valperioden frå 2007 og fram til og med 2011. Støtte til kommunane:Om lag 20 millionar kroner. Kvinner; Ta ordet, sett dagsorden!Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken i Trøndelag har laga eit idéhefte saman med KS i Nord- og Sør-Trøndelag: Kvinner; Ta ordet, sett dagsorden! Rapport frå styringsgruppa i Luster kommuneSjå rapporten frå Luster kommune frå 2012: Luster kommune: Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken.
|
|