Historisk arkiv

Invitasjon til politisk leiarmøte om bustadsosiale utfordringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Til kommunene

Dykkar ref                     Vår ref 09/242-17 JHH                    Dato 04.05.09


Invitasjon til politisk leiarmøte om bustadsosiale utfordringar

På vegne av Kommunal- og regionaldepartementet og KS har vi gleda av å kunna invitera ordførarar/byrådsleiarar, rådmenn og andre leiarar i offentlege verksemder til møte om bustadsosiale utfordringar. Det skal vera på Hotel Bristol i Oslo den 25. mai 2009 frå kl. 09.30 til 15.30.

Vi trur at møtet vil vera av interesse for mange leiarar i kommunane. Møtet kan vera ein arena for utveksling av erfaringar og av gode eksempel på løysingar som fungerar i arbeidet med å skaffa bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden.

I år er moglegheitene mange på det bustadsosiale området. Både i statsbudsjettet for 2009 og i tiltakspakka som regjeringa la fram 26. januar i år, ligg det betydelege satsingar. Særleg relevant er ny bustøtte, og auka løyvingar til bustadtilskot til utleigebustader og startlån. Dette opnar for fleire og nye bustadsosiale tiltak i kommunane.

Tema for møtet kan summerast opp slik:

  • Bustadsosiale moglegheiter i 2009
  • Korleis stat og kommune kan jobba saman for at fleire vanskelegstilte får hjelp til å skaffa seg ein bustad og bli buande i den
  • Gode eksempel på effektive løysingar i eit utval kommunar.

På grunn av eit avgrensa tal plassar, oppmodar vi om rask påmelding. Deltakinga er gratis. Reise og eventuelt hotell må dekkjast av den einskilde kommune.  Påmelding skal sendast til boby_pamelding@krd.dep.no innan 15. Mai 2009. Påmelding kan også gjerast elektronisk på www.regjeringen.no/boligsosialt2009. På denne nettstaden finns relevant informasjon om det politiske leiarmøte. 

Vel møtt!

Med helsing

 

Magnhild Meltveit Kleppa                                                              Halvdan Skard
Kommunal- og regionalminister                                                     Leder KS

 

Vedlegg: