Historisk arkiv

NOU 2011: 3 Kompetansearbeidsplasser - drivkraft for vekst i hele landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Eit offentleg utval for kompetansearbeidsplassar i heile landet legg fram sine tilrådingar 9. mars 2011.

Utvalet la fram sine tilrådingar 9. mars 2011. Heile pressekonferansen kan sjåast  på nett-tv. Gå til nett-tv overføring

Utvalet fekk i oppgåve å utarbeide konkrete forslag til tiltak for å sikre:

  • at kompetansearbeidsplassar vert spreidde i heile landet
  • at statlege arbeidsplassar vert spreidde i heile landet
  • rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikt

Bakgrunn
Bakgrunnen for å setje ned eit slikt utval er dei store strukturelle endringane i arbeidsmarknaden:

  • Ein stor del av veksten i arbeidslivet kjem i spesialiserte, kunnskaps-intensive bransjar i arbeidsmarknaden rundt Oslo. Samstundes er sysselsettinga redusert i industri og primærnæringar utanfor dei større byregionane.
  • Statlege verksemder har dei siste tiåra konsentrert fagmiljøa sine til færre stader.
  • Mange område slit med å rekruttere til og halde på personar i spesialiserte og kunnskapsintensive stillingar.

Medlemmer i utvalet

  • Professor Karen Helene Ulltveit-Moe, UiO, Oslo, (leiar)
  • Tidlegare stortingsrepresentant Åsa Elvik, Bø i Vesterålen (trakk seg 14/11-10) 
  • Seniorrådgjevar Lillian Hatling, Distriktssenteret, Steinkjer
  • Forskingsdirektør Torbjørn Hægeland, SSB, Oslo
  • Professor Kjell Gunnar Salvanes, NHH, Bergen
  • Regionutviklingsdirektør Jan Per Styve, Hordaland fylkeskommune, Bergen
  • Direktør Roar Tobro, Møreforsking, Ålesund.

 

 

Utvalet har bestilt fleire notat i arbeidet med utgreiinga. Under er ei lenkjeliste til alle notata som er bestilt i samband med arbeidet:

Utdanningsfordeling, bofasthet og flytting blant innvandrere (Stambøl 2010c)

Den regionale betydningen av universiteter og høgskoler (Stambøl 2010)                                                                                                 

Flytting og bosetting av studenter(Stambøl 2010a)                                   

Regional brensjebredde, bransjevidde og arbeidsplassdynamikk (Stambøl 2010b)                                                                                            

Gevinstar og kostnader ved omstilling. Ein literaturoversikt med vekt på resultat for Noreg (Salvanes 2010)                                                                  

Pendling og kompetansearbeidsplasser (Thorsen 2010)                           

Eiksund – konturene av en ny region (Båtevik 2010)                                

Drøfting av differensiert arbeidsgiveravgift som virkemiddel for utvikling av kompetansebaserte arbeidsplasser (Hervik og Rye 2010)                    

Kompetanseintensiteten til bedrifter støttet av Innovasjon Norge(Oxford Research 2010)
 
- 16. september 2010 arrrangerte utvalet seminar med debatt og dialog rundt denne problemstillinga. Sjå presentasjonane frå seminaret.