10,2 millionar kroner til 15 lokale og regionale parkprosjekt i 2013
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
2013
Artikkel | Sist oppdatert: 17.01.2014
Søknadane til Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar er no vurdert. 15 lokale og regionale parkprosjekt får til saman 10,2 millionar kroner i støtte i 2013.
Søknadane til Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parkar er no vurdert. 15 lokale og regionale parkprosjekt får til saman 10,2 millionar kroner i støtte.
Hovudmålet med tilskotsordninga er å auke verdiskaping og næringsutvikling i avgrensa landskapsområde med særskilde natur- og kulturverdiar. Parkane skal fremje heilskapleg stad- og næringsutvikling, og levande bygdesamfunn i område med slike verdiar.
Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) ynskjer å stø opp om initiativ som tek sikte på å etablere og vidareutvikle parkar som strategi for lokal mobilisering. I arbeidet med parkar er det viktig med eit langsiktig og forpliktande samarbeid mellom regionale styresmakter, næringsliv, interessegrupper og menneskje som bur og lever i slike landskapsområde.
I utveljinga av prosjekt har KRD lagt vekt på fleire forhold. Kvalitet i søknaden og gjennomføringsevne står sentralt. Vi har lagt stor vekt på god lokal forankring og samarbeid om parkkonseptet. Vi ynskjer også at verdiskapingsprogrammet skal ha overføringsverdi til andre, og legg vekt på kommunikasjon og erfaringsutveksling. Dette gjeld både mellom parkar som er godt etablerte, men også for parkar som er under etablering. Mange av prosjekta som får støtte no er ei vidareføring av prosjekt som starta opp i fjor.
Dei prosjekta som får støtte i 2013 er:
Prosjekttittel |
Søker |
Støttebeløp |
Fjordfolk under Møysalen - Regionalpark i Vesterålen |
Bygd for livet |
1 000 000 |
Tjøtta-Alstahaug landskapspark (hovedprosjekt 2014-2015) |
Alstahaug kommune |
700 000 |
Okstindan natur- og kulturpark - forstudie og forprosjekt |
Hemnes Kommune |
350 000 |
Grøn Fjord 2020 - vår regionale parkmodell |
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv |
1 500 000 |
Kystparken |
Norsk kystkulturakademi AS |
1 000 000 |
Nærøyfjorden Verdsarvpark - verdiskaping i møtet |
Nærøyfjorden Verdsarvpark |
900 000 |
Søknad Åkrafjorden Landskapspark |
Åkrafjorden Landskapspark |
50 000 |
Utvikling av "Frå frø til øl og brød" |
Stalheim Landskapspark |
150 000 |
Lister Regionalpark: Fra Hav til Hei |
Lister Friluftsråd |
800 000 |
Sammen om vertskapet i Telemarkskanalen! |
Telemarkskanalen regionalpark |
1 000 000 |
Norefjell regionalpark- fra fjord til fjell |
Krødsherad kommune |
450 000 |
Digital formidling av konseptet park, med Valdres Natur- og Kulturpark som pilot |
Valdres Natur- og Kulturpark |
500 000 |
Videreutvikle "Valdresmodellen" |
Valdres Natur og Kulturpark |
425 000 |
REGIONPARK Dokka-Etna-Randsfjorden |
Dokkadeltaet nasjonale våtmarkssenter |
400 000 |
VÅRT LANDSKAP. VÅRE FORTELLINGER. |
Grue kommune |
950 000 |
10 175 000 |