Nyfiken og intellektuell
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 25.06.2010
Juryen brukte desse to orda om journalist Astrid Brekken som fredag føremiddag mottok Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2010. Det skjedde i Medietimen under Dei nynorske festspela i Hovdebygda.
Juryen brukte desse to orda om journalist Astrid Brekken som fredag føremiddag mottok Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2010. Det skjedde i Medietimen under Dei nynorske festspela i Hovdebygda.
- Det er ei stor glede for meg å stå her, sa prisvinnar Astrid Brekken. Ho vedgjekk at det var første gongen ho var på Dei nynorske festspela, for som ho sa: - Vi driv gard på denne tid på Lesja kvart år.
I takketalen sin heldt ho fram landsgymnaset på Vinstra, og takka dei for at ho valde å halde seg til landsmål og aldri forlate det. Også arbeidsgjevaren NRK fekk ros for å vere raus med nynorskbrukarane. – I NRK har det aldri vore god tone å tyne nynorskbrukaren, det har på mange måtar vore ein oase, sa Brekken.
Prisen ho fekk overrekt i dag er på 50.000 kroner, og eit relieff i aluminium laga av biletkunstnar og skulptør Geir Hjetland i Balestrand. Forfattar og jurymedlem Olaug Nilssen overrekte prisen, og i grunngjevinga heiter det mellom anna: - Brekken har i ein kvinnealder vore markant til stades i norsk samfunndebatt på mange arenaer, og har heilt tida hatt eit svært medvite forhold til nynorsk.
- Ho er ein nyfiken og intellektuell journalist, oppteken av korleis vi lever liva våre i både bygd og by, lokalt og internasjonalt. Brekken var sentral i samfunnsmagasinet Sånn er livet heilt frå starten i 1984. Det fins knapt det emne Brekken ikkje har teke føre seg og laga god journalistikk av.
Astrid Brekken tenkte høgt om framtida for nynorsken i NRK i sin tale. Ho meiner at det framleis bør vere normalisert bokmål og nynorsk i nyhendesendingar. Dialektbruk i andre typar sendingar er ok, men då bør dei ha ”sin eigen ver varsam plakat” når det gjeld språk. Altså sensurere vekk det som er vanskeleg for folk flest å skjøne. Ho meinte det er herleg at vi her i landet er stolte over dialektane våre, og at det er aksept for å bruke dei i mange samanhengar. Nynorsken treng styrkast, sa ho, og gav honnør til opprettinga av NRK Nynorsk mediesenter i den samanhengen.
Astrid Brekken avslutta talen sin under prisutdelinga med å fortelje om nokre ord som Olga Meyer hadde skrive og hengt opp på do på garden til Brekken i Lesja: Tal dialekt, skriv nynorsk! Kanskje burde der no stå: Tal dialekt og nynorsk, skriv nynorsk! avslutta Brekken.