BT-journalist får journalistpris etter at han slutta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Nyheit | Dato: 24.05.2011
Njord V. Svendsen får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2011. – Det er den beste pennen som får prisen i år, seier leiaren for juryen Gry Molvær.
Njord V. Svendsen får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2011. – Det er den beste pennen som får prisen i år, seier leiaren for juryen Gry Molvær.
Utan å vite det stikk juryen med denne tildelinga handa inn i den aktuelle debatten om mellombels tilsette i media. Njord V. Svendsen har vore det han kallar ”ufast” medarbeidar i Bergens Tidende i 5-6 år, fekk ikkje halde fram og slutta i BT ei veke før juryen hadde møte og gav han prisen. Etter år som vikar og frilansar byrja han i fast arbeid 2. mai, som kommunikasjonsrådgjevar for NIFES – Nasjonalt Institutt for ernærings- og sjømatforsking i Bergen.
- Dette endrar ikkje på tildelinga vår. Svendsen får prisen for det han har gjort som journalist, seier Gry Molvær. Med seg i juryen har ho sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen. Magni Øvrebotten, i NRK Nynorsk mediesenter, er sekretær for juryen. Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 24.juni.
Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen går til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsk innpass på nye område.
Juryen seier dette om prisvinnaren i 2011:
Njord V. Svendsen har dei siste åra markert seg som ein av dei ypparste feature-, reportasje- og portrettjournalistane i Noreg uavhengig av målform. Det er difor ekstra gledeleg at han skriv på nynorsk. Han er ein kresen stilist, og tekstane er gjennomgåande av høg litterær kvalitet: han har utvikla ei eiga røyst som lesarar av Bergens Tidende no straks vil kjenne att. Dei er virtuose, men aldri prangande eller pompøse. Dei er jordnære, men til same tid undrande og spørjande.
Svendsen er særskilt god til å hente fram dei små augeblikka, slike som ofte elles går tapt i eit ofte hektisk mediebilete, men som gjerne fyller liva våre. Tekstane står seg over tid. Dei er ofte aktualitetsorienterte, men tapar seg heller ikkje, og det ligg ei fin spenning i nett dét. Svendsen har eit skarpt blikk, og kan med få ord formidle observasjonar som fangar augeblikk og menneskelege karaktertrekk. Han er nær på menneska og situasjonane han skildrar, men klarar likevel å oppretthalde nok distanse til at vi kan sjå tilveret med nytt og friskt blikk. Han maktar å hente inn komplekse stemningar, og det ofte i ein og same tekst: både feature- og portrett-tekstane er medrivande, og er ofte humoristiske, men alvoret er aldri langt borte. Ein les og let seg underhalde, men opplever òg at tekstane oppmodar til ettertanke.
Det var 23 framlegg om 20 namn på lista over kandidatar til Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2011. Juryen hadde møte i Bergen 6. mai og var samrøystes i valet av tidlegare BT-journalist Njord V. Svendsen som vinnar.
Tidlegare vinnarar av denne prisen er Linda Eide, NRK, Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen (no Klassekampen), Odd Reidar Solem, TV 2, Ronny Brede Aase, NRK og Astrid Brekken, NRK.
Meir informasjon på nettsida til NRK Nynorsk mediesenter: www.nynorskmediesenter.no