Historisk arkiv

Kunngjering - Tilskot til etablering av frivilligsentral i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet lyser ut midlar til etablering av nye frivilligsentralar. Søknadsfristen er 1. april 2013.

Kulturdepartementet lyser ut midlar til etablering av nye frivilligsentralar. Søknadsfristen er 1. april 2013.

Søknadsskjema for 2013 skal nyttast.

Nynorsk Word-fil (.docx) / Nynorsk Open Document (.odt) 

Bokmål Word-fil (.docx) / Bokmål Open Document (.odt)   

Det er eit krav at lokal finansiering skal vere i orden før søknaden vert sendt inn. Dersom det er eit administrativt vedtak i kommunen om lokale midlar skal dokumentasjon vedleggjast. Endeleg vedtak frå kommunestyret kan ettersendast. Når andre enn kommunen søkjer, skal søknaden leggjast fram for kommunen. Fråsegn frå kommunen må leggjast ved søknaden.

Ved tildeling vert det lagt vekt på

  • at det har vore ein lokal prosess med samarbeidspartnarar om planlegging, finansiering, gjennomføring m.m. 
  • at sentralen har som oppgåve å initiere, mobilisere og samordne lokal frivillig innsats i samarbeid med frivillige organisasjonar, lag/foreiningar og det offentlege
  • at sentralen vil rekruttere og vere seg bevisst grupper som i mindre grad deltek i frivillig verksemd, nye grupper frivillige og nye former for frivillig verksemd
  • at sentralen skal vere ein open og inkluderande møteplass for frivillig verksemd i lokalmiljøet

Søknadsfrist: 1.april 2013.