12 millionar kroner til tiltak mot speleproblem
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 101/10 | Dato: 19.11.2010
Regjeringa har sett av 12 millionar kroner frå overskotet til Norsk Tipping til tiltak mot speleproblem. Midlane er fordelte slik:
Regjeringa har sett av 12 millionar kroner frå overskotet til Norsk Tipping til tiltak mot speleproblem. Midlane er fordelte slik:
Målretta informasjon til barn og unge 1 million kroner
Kartlegging av problematisk speleåtferd 1,810 millionar kroner
Betre informasjon og avklaring av behov i
helsesektoren 3,850 millionar kroner
Hjelpetelefonen for speleavhengige 0,5 millionar kroner
Til frivillige støttegrupper for speleavhengige 0,8 millionar kroner
4 millionar kroner går til forsking og skal delast ut i 2011. Mesteparten av midlane skal fordelast gjennom Lotteritilsynet og Helsedirektoratet.