Statsbudsjettet:
163 millionar kroner til nasjonale kulturbygg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 82/10 | Dato: 05.10.2010
Kulturdepartementet har gjort framlegg om 163 millionar kroner i tilskot til nasjonale kulturbygg. Dette er ein auke på 5,1 millionar kroner eller om lag 3,2 prosent frå løyvinga i 2010.
Kulturdepartementet har gjort framlegg om 163 millionar kroner i tilskot til nasjonale kulturbygg. Dette er ein auke på 5,1 millionar kroner eller om lag 3,2 prosent frå løyvinga i 2010.
Løyvingsframlegget gjeld følgjande prosjekt:
- Senter for nordlige folk (tidligare Ája Samisk Senter): 5 millionar kroner.
Vil bli opna for publikum sommaren 2011. - Kilden Teater- og konserthus for Sørlandet: 64 millionar kroner.
Skal etter planen vere ferdig i løpet av 2011. - Nytt konserthus i Stavanger: 39 millionar kroner.
Vil stå ferdig våren 2012. - Science Center Østfold: 18 millionar kroner.
Skal etter planen vere ferdig i mai 2011. - Kulturkvartalet i Bodø: 25 millionar kroner.
Byggestart er planlagd til april 2011. - Aust-Agder kulturhistoriske senter: 10 millionar kroner.
Bygginga kan starte i september 2011. - Regjeringa har også foreslått 2 millionar kroner til prosjektering av nytt bygg for Norsk Bergverksmuseum.