200 000 kroner til oppretting av Kunstsentrene i Norge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 95/10 | Dato: 27.10.2010
Kulturministeren løyver 200 000 kroner til Kunstsentrene i Norge, ein organisasjon som skal styrkje og synleggjere kunstsentra sin posisjon i samfunnet.
Kulturministeren løyver 200 000 kroner til Kunstsentrene i Norge, ein organisasjon som skal styrkje og synleggjere kunstsentra sin posisjon i samfunnet.
Kunstsentrene i Norge er ei landsforeining for dei 15 kunstnarstyrde visningsstadene i Noreg. Landsforeininga skal styrkje kunstsentra sine landsdekkjande nettverk og formidling av visuell kunst.
Kontaktperson for Kunstsentrene i Norge er styreleiar Rikke Komissar, mobil 45 27 06 34.