Historisk arkiv

Statsbudsjettet:

Eidsvollsbygningen restaurerast til grunnlovsjubileet i 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om 54,5 millionar kroner til igangsetting av den planlagde restaureringa av Eidsvollsbygningen.

Regjeringa gjer framlegg om 54,5 millionar kroner til igangsetting av den planlagde restaureringa av Eidsvollsbygningen.

Løyvinga er foreslått under kapittel 2445 Statsbygg på budsjettet for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Hovudbygningen og dei to paviljongane skal restaurerast slik at publikum får inntrykk av korleis bygningane var i 1814. Tiltaka skal vere ferdig før grunnlovsjubileet i 2014. Prosjektet skal styrast innanfor ei samla ramme på 310,2 millionar kroner i prisnivå 2011.