Marianne A. Olsen mottok Gandhistipendet for 2010
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 97/10 | Dato: 08.11.2010
Kulturminister Anniken Huitfeldt delte måndag ut Gandhistipendet 2010 til konservator ved Perspektivet Museum, Marianne A. Olsen, for prosjektet ”Religiøse fellesskap – Et dokumentasjons- og utstillingsprosjekt ved Perspektivet Museum”.
Kulturminister Anniken Huitfeldt delte måndag ut Gandhistipendet 2010 til konservator ved Perspektivet Museum, Marianne A. Olsen, for prosjektet ”Religiøse fellesskap – Et dokumentasjons- og utstillingsprosjekt ved Perspektivet Museum”.
Perspektivet Museum i Tromsø starta tidlegare i år arbeidet med eit dokumentasjons- og utstillingsprosjekt om religiøse fellesskap i Tromsø med Marianne A. Olsen som prosjektleiar. Målet er ei utstilling som set fokus på korleis religionane sameinar, både innanfor og mellom religiøse grupper. Olsen skal analysere prosessen og materialet som er samla inn til utstillinga.
- Religiøse tema er blitt viktigare i det offentlege ordskiftet, seier kulturminister Huitfeldt. - Marianne A. Olsen ser på kva som kan skape samhald mellom menneske med forskjellig tru. I det fleirkulturelle og fleirreligiøse samfunnet er det viktig å løfte fram det som er felles for menneske med religiøs tru, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.
Gandhistipendet for 2010 er på 100 000 kroner. Kulturdepartementet har oppretta stipendet for å auke kunnskapen om religionar og livssyn og styrkje dialogen i det fleirkulturelle og fleirreligiøse Noreg.