Historisk arkiv

Nye reglar for spel i bingolokale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har fastsett reglar for Norsk Tippings nye terminalspel i bingolokale. Spela skal erstatte bingoautomatane som er forbodne.

 

Kulturdepartementet har fastsett reglar for Norsk Tippings nye terminalspel i bingolokale. Spela skal erstatte bingoautomatane som er forbodne. Dei nye terminalane vil mellom anna ha lågare speltempo (minimum 3 sekund pr. spel) og ei grense for maksimalt tap pr spelar på 800 kroner pr. dag og 4000 kroner pr. månad.

Departementet har også fastsett strengare krav til dei såkalla databingospela. Spela skal mellom anna ha lågare speltempo (minimum 30 sekund pr. spel). Databingospel skal berre kunne tillatast i lokale som også tilbyr tradisjonelle bingospel, og det kan ikkje oppstillast meir enn 30 databingoterminalar i eitt bingolokale.

For å auke interessa rundt dei tradisjonelle bingospela har departementet vedteke å auke maksimalgrensene for gevinstar frå 4000 kroner til 5000 kroner og for jackpotgevinstar frå 36 000 kroner til 70 000 kroner.

Reglane tek til å gjelde frå 1. januar 2011. For enkelte av dei nye reglane som krev teknisk tilpassing, er ikraftsetjinga fastsett til 1. juli 2011.

Kopi av dei nye reglane finst her
Forskrift om endring i forskrift 30. november 2004 nr. 1528 om bingo