Omorganisering av ABM
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 46/10 | Dato: 11.06.2010
Regjeringa la i statsråd i dag fram stortingsmelding om omorganisering på arkiv, bibliotek og museumsfeltet.
Regjeringa la i statsråd i dag fram stortingsmelding om omorganisering på arkiv, bibliotek og museumsfeltet.
Regjeringa ynskjer å overføre oppgåver og ressursar i ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket, Norsk Vitskapsindeks og Norsk kulturråd.
Statlege bibliotekoppgåver vil etter dette bli samla i Nasjonalbiblioteket, som også vil få eit klårare mandat til samarbeid og samordning av bibliotekløysingar i universitets- og høgskulesektoren. I tillegg får Kulturrådet nye oppgåver, særleg på museumsfeltet.
Omstillinga skal føre til sterkare fagmiljø på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet og klargjere roller og ansvar på statleg nivå.
Sjå også pressemelding frå Kulturdepartementet av 21. mai 2010.
Lenkje til St.meld. 20 (2009-2010) Omorganisering av ABM-utvikling