Statens stipend for eldre fortente kunstnarar - tildeling hausten 2010
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 61/10 | Dato: 24.09.2010
Utvalet for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar har på vegner av Kulturdepartementet gitt fem nye stipend til eldre fortente kunstnarar. Stipendet er på 20 000 kroner pr. år.
Utvalet for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar har på vegner av Kulturdepartementet gitt fem nye stipend til eldre fortente kunstnarar. Stipendet er på 20 000 kroner pr. år.
Mottakarar er musikar og komponist Sigmund Groven, biletkunstnar og kostymedesignar Berit Marit Hætta, skjønnlitterær forfattar Erna Moen, skodespelar, instruktør og pedagog Berit Rusten og skodespelar, dokkemakar og figurteaterskapar Tatjana Zaitzow.
Ordninga omfattar etter denne tildelinga 281 kunstnarar.