Statsbudsjettet:
Statstilskot sikrar nytt bygg for Aust-Agder kulturhistoriske senter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 84/10 | Dato: 05.10.2010
Kulturdepartementet gjer framlegg om eit samla tilskot på 86,8 millionar kroner til den prosjekterte utbygginga ved Aust-Agder kulturhistoriske senter.
Kulturdepartementet gjer framlegg om eit samla tilskot på 86,8 millionar kroner til den prosjekterte utbygginga ved Aust-Agder kulturhistoriske senter.
Av den samla tilskotsramma er 10 millionar ført opp i statsbudsjettet for 2011.
Med tilskotet frå Kulturdepartementet vil prosjektet vere finansiert. Det planlagde nybygget på 12 000 kvadratmeter kan dermed bli realisert.