Statsbudsjettet:
Tilskotsordning for arrangørar vert styrka med 5 millionar kroner
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 74/10 | Dato: 05.10.2010
I tillegg til at Regjeringa foreslår å auke løyvinga til arrangørstøtteordninga skal ho no gjelde for alle sjangrar, også samtidsmusikk og klassisk musikk.
I tillegg til at Regjeringa foreslår å auke løyvinga til arrangørstøtteordninga skal ho no gjelde for alle sjangrar, også samtidsmusikk og klassisk musikk.
Av løyvinga på 5 millionar kroner er 3 millionar omdisponert frå Rikskonsertane si offentlege konsertverksemd. 5 millionar kroner i styrking inneber at arrangørstøtteordninga blir styrka med 42 prosent i forhold til i fjor.
Regjeringa ønskjer i større grad å desentralisere programmeringa av offentlege konsertar ved at ein større del av midlane blir kanalisert direkte til konsertarrangørar.