Historisk arkiv

Statsbudsjettet

10 millionar kroner meir til dans

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Til dans er det foreslått ein samla auke på om lag 10 millionar kroner for 2012. I tillegg vert Nasjonalballetten i Den Norske Opera & Ballett styrkt med 5 nye dansarar.

Til dans er det foreslått ein samla auke på om lag 10 millionar kroner for 2012. I tillegg vert Nasjonalballetten i Den Norske Opera & Ballett styrkt med 5 nye dansarar.

  • Norsk kulturfond:
    - Det er lagt inn 2 millionar kroner til ei ny ordning for arrangørar av danseførestillingar, inklusive dansefestivalar.
    - Det er vidare lagt inn 1 million kroner til styrking av pilotprosjekt som skal bidra til å utvikle profesjonelle dansemiljø rundt om i landet.
    - Ordninga for formidling av scenekunst er styrkt med 1 million kroner, og det er ein føresetnad at styrkinga skal kome danseprosjekt til gode.

 

  • Tilskotet til Den Norske Opera & Ballett er totalt auka med 20,4 millionar kroner, inkludert styrking av Nasjonalballetten med fem nye dansarar frå andre halvår 2012.  

 

  • Det er sett av 3 millionar kroner til oppstart av ein skodespelar- og dansarallianse i løpet av 2012.

 

  • Dansearena Nord får eit tilskot på 0,5 millionar kroner til styrking av produksjon og formidling av dansekunst i Nord-Noreg, i tillegg til dei midla som det allereie er gitt tilsegn om frå ordninga for pilotprosjekt for profesjonelle dansemiljø under Norsk kulturfond. 

 

  • Danseensemble og danseverksemder med fast driftstilskot vert vidareførte for 2012. 

 

  • ”Bygda dansar” som Rådet for folkemusikk og folkedans driv, er foreslått styrkt med 0,5 millionar kroner for samtidig drift i tre fylke.