Statsbudsjettet
12 millionar kroner til kultur og inkludering
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 96/11 | Dato: 06.10.2011
Pengane skal bidra til at kunst og kultur når ut til fleire.
Pengane skal bidra til at kunst og kultur når ut til fleire.
Kulturdepartementet arbeider med ei stortingsmelding om kultur og inkludering. Regjeringa vil bidra til at kunst og kultur i større grad skal nå personar og grupper som i dag i liten grad brukar det kulturtilbodet som finst. Målet er ein kultursektor som alle opplever som open og relevant, uavhengig av kva kulturell, sosial, geografisk eller annan bakgrunn den enkelte har.
I samband med den komande stortingsmeldinga foreslår regjeringa å setje av
12 millionar kroner til nye inkluderingstiltak i statsbudsjettet for 2012. Dette omfattar:
- 5,5 millionar kroner til ulike tiltak innan kunst og kultur
- 3 millionar kroner til utviklingstiltak på bibliotek- og litteraturfeltet
- 3,5 millionar kroner til etablering av ei innkjøpsordning for norsk film i biblioteka