Historisk arkiv

Statsbudsjettet

15 millionar meir til visuell kunst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Til området visuell kunst, som mellom anna omfattar Nasjonalmuseet, KORO og Norsk Form, foreslår regjeringa ein auke på 15,3 millionar kroner.

Til området visuell kunst, som mellom anna omfattar Nasjonalmuseet, KORO og Norsk Form, foreslår regjeringa ein auke på 15,3 millionar kroner.

Mellom anna vert desse institusjonane styrka i 2012:

  • Nasjonalmuseet får ein auke på 7,8 millionar kroner. 
  • Bergen Kunsthall får styrka driftstilskotet med 1,8 millionar kroner. 
  • Vestfossen Kunstlaboratorium får ein auke på 300 000 kroner.  
  • Kunstkritikk.no får ein auke på 500 000 kroner

I tillegg får Bergen Kunsthall 2 millionar kroner i investeringstilskot til ombyggingsprosjektet, og Haugar Vestfold Kunstmuseum får 1 million kroner til nytt byggjeprosjekt.

Vidare får Blaafarveværket ein auke på 700 000 kroner i driftstilskot til styrking av aktivitetane. Vestfoldmusea får 1,5 millionar kroner for å styrkje samlingsforvaltninga, og Museum Stavanger ein auke på 1,5 millionar kroner til styrking av kunstformidling og til å vareta forvaltninga av Ulstein Kloster.