Statsbudsjettet
168,5 millionar kroner til nasjonale kulturbygg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 91/11 | Dato: 06.10.2011
Kulturdepartementet føreslår å løyve 168,5 millionar kroner til nasjonale kulturbygg. Dette er ein auke på 4,5 millionar kroner frå 2011.
Kulturdepartementet føreslår å løyve 168,5 millionar kroner til nasjonale kulturbygg. Dette er ein auke på 4,5 millionar kroner frå 2011.
Løyvinga gjeld følgjande prosjekt:
- Kilden Teater- og konserthus for Sørlandet: 64 millionar kroner. Huset står ferdig innan utgangen av 2011.
- Nytt konserthus i Stavanger: 39 millionar kroner. Skal etter planen vere ferdig våren 2012.
- INSPIRIA Science Senter: 12 millionar kroner. Senteret vart opna i mai 2011.
- Kulturkvartalet i Bodø: 25 millionar kroner. Bygginga vart sett i gang i september 2011.
- Aust-Agder kulturhistoriske senter: 20 millionar kroner. Byggestart er sett til hausten 2011.
- Bergen Kunsthall: 2 millionar kroner. Prosjektet femner om ombygging av lokale.
- Haugar Vestfold kunstmuseum: 1 million kroner. Prosjektet vil fullføre tidlegare ombyggingar.
- Regjeringa har også tilrådd 5,5 millionar kroner til prosjektering av nytt bygg for Norsk Bergverksmuseum.