Statsbudsjettet
5 millionar meir til dataspel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 101/11 | Dato: 06.10.2011
Produksjon av dataspel vert styrka i kulturbudsjettet for 2012.
Produksjon av dataspel vert styrka i kulturbudsjettet for 2012.
Regjeringa vil at auken til audiovisuelle produksjonar på statsbudsjettet for 2012 også skal styrkje utvikling av dataspel med minst 5 millionar kroner. Med dette aukar tilskota frå 10 til minst 15 millionar kroner i året. I tillegg vert det gjeve 3 millionar kroner i tilskot til lansering.
Norsk Filminstitutt fordeler tilskota til utvikling og lansering av dataspel til uavhengige norske spelprodusentar.