Historisk arkiv

Statsbudsjettet

62,2 millionar kroner meir til musikkformål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår å auke satsinga på musikkfeltet med 62,2 millionar kroner i 2012. Dermed er den totale løyvinga til musikkformål i budsjettforslaget for 2012 på over 1,1 milliard kroner.

Regjeringa foreslår å auke satsinga på musikkfeltet med 62,2 millionar kroner i 2012. Dermed er den totale løyvinga til musikkformål i budsjettforslaget for 2012 på over 1,1 milliard kroner.

Auken fordeler seg slik:

  • 33,2 millionar kroner meir til orkestra, inkludert 3,7 millionar til nye orkesteravtalar 
  • 11,9 millionar kroner meir til ordningar under Norsk kulturfond 
  • 5,4 millionar kroner til knutepunktfestivalane. Nytt knutepunkt for countrymusikk er foreslått med eit tilskot på 1,2 millionar kroner 
  • 11,7 millionar kroner meir til diverse musikktiltak

 

Orkestra får ein samla auke på 33,2 millionar kroner i 2012. 1. september 2011 flytta Kristiansand Symfoniorkester saman med Agder Teater og Opera Sør inn i Kilden, eit nytt felles teater- og konserthus for Sørlandet. Kristiansand Symfoniorkester har fått ein auke på 11,5 millionar kroner m.a. til styrking av den kunstnarlege aktiviteten og til dekning av høgare driftsutgifter i nytt hus inkludert utgifter til ny orkesteravtale.

Stavanger Symfoniorkester flytter inn i nytt konserthus i 2012, og tilskotet er auka med 5,4 millionar kroner til dekning av auka driftsutgifter og eingongsutgifter til flytting.
Tilskotet til Trondheim Symfoniorkester er auka med 3,1 millionar kroner. 1,1 millionar kroner er øyremerkte orkestret sin opera- og musikkteateraktivitet. Tilskotet til Nordnorsk Opera og Symfoniorkester er auka med 4,3 millionar kroner som m.a. skal styrkje den kunstnarlege aktiviteten og dekkje auka utgifter for ny orkesteravtale. Også tilskotet til Det Norske Blåseensemble er auka for å dekkje høgare utgifter for ny orkesteravtale. 

Løyvingane til Norsk kulturfond er samla sett auka med 11,9 millionar kroner i 2012. Tilskotsordninga for arrangørar er styrkt med 4,7 millionar kroner, medan musikarordninga for innanlandsturnear er styrkt med 7,3 millionar kroner. Dette er mellom anna overførte midlar frå Rikskonsertane sine offentlege konsertar. 4 millionar kroner er trekt ut av Musikarordninga til ei ny tilskotsordning for utanlandsturnear.

Knutepunktinstitusjonane får ein total auke på 5,4 millionar kroner. Norsk Country Treff i Breim er tildelt knutepunktstatus innanfor countrymusikk frå 2012 og får eit tilskot på 1,2 millionar kroner. Horisont/Mela får ein auke på 1,5 millionar kroner mellom anna til styrking av drifta ved innflytting i nye lokale i Schouskvartalet og til generell styrking av festivalen. Tilskotet til Molde International Jazz Festival vert auka med 1,2 millionar kroner for å dekkje utgifter til høgare husleige og styrking av drifta i samband med innflytting i nytt hus. Olavsfestdagane får ei auke til drift på 600 000 kroner.

Departementet vidarefører satsinga på kor med ein auke på 3 millionar kroner.

Tilskotet til den kunstnarlege og kunstpedagogiske verksemda ved Dissimilis kultur- og kompetansesenter er auka med 900 000 kroner. Tilskotet til Riksscenen for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans er auka med 1,2 millionar kroner, m.a. for å dekkje høgare husleigeutgifter. Rådet for folkemusikk og folkedans får ein auke på 700 000 kroner, m.a. til fullfinansiering av prosjektet ”Bygda dansar” i tre fylke.

Eit tilskot på 800 000 kroner er lagt inn til Dokkhuset scene i Trondheim under føresetnad av regional økonomisk medverknad.

Frå 1. januar 2012 vert Oslo World Music Festival skild ut av Rikskonsertane. Det er sett av 4,4 millionar kroner til festivalen. Løyvinga til Rikskonsertane er redusert i samband med omlegginga av offentlege konsertar frå 2. halvår 2012.

Departementet foreslår dessutan å leggje om innkjøpsordninga for musikk til ei tilskotsordning for innspeling og utgjeving av musikk.