Statsbudsjettet
627,5 millionar i momskompensasjon til frivillig sektor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 100/11 | Dato: 06.10.2011
I budsjettframlegget for 2012 foreslår regjeringa å vidareføre alle tilskot til frivillig sektor.
I budsjettframlegget for 2012 foreslår regjeringa å vidareføre alle tilskot til frivillig sektor. Dette omfattar mellom anna momskompenasjonsordninga for frivillig sektor, Frivilligregisteret, Frifond, frivilligsentralar, forenklingsprosjekt, forsking og vidareutvikling av satellittrekneskap for frivillig sektor.
Den nye ordninga for momskompensasjon til frivillige organisasjonar tok til å gjelde 1. januar 2010 og erstatta den tidlegare ordninga med kompensasjon på nokre tenester. Auken frå 2010, 2011 og 2012 utgjer om lag 430 millionar kroner. I kulturbudsjettet for 2010 heit det: ”Regjeringen har besluttet å innføre en ny ordning for momskompensasjon til frivillige organisasjoner. Ordningen trer i kraft 1. januar 2010 og skal trappes opp med en milliard kroner fram til 2014.”
Ordninga vert auka til 627,5 millionar kroner i 2012. Dette er ein nominell auke på
18,5 millionar kroner, samanlikna med saldert budsjett 2011.
I 2010 mottok nærare 13 000 organisasjonar kompensasjon frå ordninga.
Den overordna målsetjinga med politikken på frivillig sektor er å støtte aktivt opp under utviklinga av eit levande sivilsamfunn. Totalt er løyvinga til feltet i Kulturdepartementet på om lag 870 millionar kroner i 2012. Sidan 2006 har auken vore på 630 millionar kroner, eller 260 prosent.