Statsbudsjettet
Annemor Sundbø og Edvard Hoem får statsstipend
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 98/11 | Dato: 06.10.2011
I budsjettframlegget for 2012 fremjar Kulturdepartementet forslag om nye statsstipend til kunsthandverkar Annemor Sundbø og til forfattar Edvard Hoem.
I budsjettframlegget for 2012 fremjar Kulturdepartementet forslag om nye statsstipend til kunsthandverkar Annemor Sundbø og til forfattar Edvard Hoem.
Statsstipendet er på 391 300 kroner årleg. I dag er det 30 statsstipendiatar i ordninga, fordelt på sju kvinner og 23 menn.
Kulturdepartementet foreslår dessutan å opprette ti nye arbeidsstipend og å heve arbeidsstipendet frå 190 000 til 196 000 kroner. Arbeidsstipenda vert tildelte av Utvalet for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar etter innstilling frå sakkyndige komitear oppnemnde av kunstnarorganisasjonane.