Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Auke til Arkivverket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet aukar løyvinga til arkivformål med 24,4 millionar kroner.

Kulturdepartementet aukar løyvinga til arkivformål med 24,4 millionar kroner.

Av dette går 23,5 millionar kroner til Arkivverket, medan tilskotet til Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek aukar med 500 000 kroner. Samla løyvingsforslag til arkivformål er på 334,1 millionar kroner.

Auken til Arkivverket omfattar midlar til handtering av arkivmateriale frå departement som vart skadde i eksplosjonen 22. juli. I tillegg er det rom for auka satsing på:

  • behandling og bevaring av digitalt materiale 
  • opptrapping av digitaliseringsverksemda
  • styrkt tilsyn med arkiva i kommunal sektor 
  • planlegging av tiltak til grunnlovsjubileet i 2014 
  • planlegging av nytt sentraldepot på Tynset og tilrettelegging av materiale som skal oppbevarast i sentraldepotet.