Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Filmsatsinga fortset i 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa held fram satsinga på film og foreslår ein auke til filmfeltet på 47 millionar kroner.

Regjeringa held fram satsinga på film og foreslår ein auke til filmfeltet på 47 millionar kroner.

I kulturbudsjettet for 2012 foreslår regjeringa å løyve totalt 706,8 millionar kroner til film- og medieformål. Av dette er 423 millionar kroner direkte støtte til audiovisuelle produksjonar via Norsk filminstitutt.

Auken gir rom for ei særskild satsing på nye regitalent innan kinofilm – Nye veier til lange filmer. Denne satsinga under Norsk filminstitutt inneber moderat kjønnskvotering og vil også vere eit verkemiddel for å betre kjønnsbalansen innan norsk filmproduksjon.

Tilskotet til utvikling av dataspel aukast med minst 5 millionar kroner. Målet er å doble tilskota til utvikling av dataspel frå 2011-nivå innan 2013.

Den totale auken på feltet gjer det også mogleg å gjennomføre lovnaden om dobling av tilskota til fjernsynsdrama. Med dette er tilskota til fjernsynsdrama auka frå 16 millionar kroner i 2010 til 32 millionar kroner i 2012.

Kulturløftet II har som mål at det skal satsast på filmmiljø i regionane. Den regionale filmsatsinga er ein del av den samla nasjonale filmpolitikken. Regjeringa følgjer opp dette med 5,4 millionar kroner meir til regionale filmtiltak i 2012.

Regjeringa løyver dessutan 3,5 millionar kroner til å innføre ei innkjøps- og utlånsordning for norsk film i biblioteka.