Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Fortsatt auke til regionale filmsenter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til dei regionale filmsentra med 5,4 millionar i kulturbudsjettet for 2012.

Regjeringa føreslår å auke løyvinga til dei regionale filmsentra med
5,4 millionar i kulturbudsjettet for 2012.
Med dette har Regjeringa meir enn tredobla løyvingane til regionale filmtiltak sidan 2005 – fra 14,4 til 51,7 millionar kroner.
Midla til dei regionale filmsentra skal gå til lokal produksjon av kortfilm og dokumentarfilm, samt talentutvikling, likestillingstiltak og tiltak for barn og unge.

Midla til dei regionale filmsentra vil i 2012 delast ut etter nye kriterie. Folketal og aktivitet skal telle mest. 60 prosent av midla fordelast ut frå folketalet i dei fylka som tek del i det enkelte filmsenter. Dette vil gje forutsigbarhet og bidra til jevnare fordeling mellom fylka. På grunn av lavt folketal og store avstander vil dei tre nordnorske fylka få ei folketalsvekting på 2. Fylka i det sentrale østlandsområdet får folketalet vekta med 0,5.

40 prosent av midla fordelast på bakgrunn av aktivitet. Her gjeld fyrst og fremst bransjens storleik målt ut frå antal foretak og sysselsatte innan filmproduksjon. Aktivitet innan talentutvikling, barn og unge og likestilling er og høgt prioritert.