Statsbudsjettet
Kringkastingsavgifta aukar i 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 102/11 | Dato: 06.10.2011
Regjeringa foreslår å auke kringkastingsavgifta i 2012 med 95 kroner til 2 580 kroner (inkl. mva).
Regjeringa foreslår å auke kringkastingsavgifta i 2012 med 95 kroner til 2 580 kroner (inkl. mva).
Auken vil, i tillegg til å dekkje ordinær løns- og prisvekst, dekkje:
- Auka kostnader til rettar til sportssendingar (sommar-OL i London)
- første fase i vidare utbygging av DAB-nettet
- oppgradering av kontribusjon frå distriktskontor
- utgifter til ny AFP-ordning
NRK skal tilby eit breitt innhald på fjernsyn og radio så vel som på nettet og mobile plattformer. Lisensauken vil leggje til rette for at NRK kan oppretthalde sin sterke posisjon i ein utfordrande mediemarknad. Forslaget vil dermed bidra til å oppfylle regjeringa si målsetting om å leggje til rette for at NRK kan utvikle seg vidare som ein brei allmennkringkastar med god oppslutning over heile landet.