Kunst og kultur må kome fleire til gode
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 111/11 | Dato: 09.12.2011
- Det har vore ei historisk satsing på kultur dei siste åra. Utfordringa i åra som kjem er korleis vi kan få fleire til å bruke kunst og kulturtilbodet som er bygd opp. Eg er opptatt av korleis kulturen kan nå fleire, spesielt dei som i liten grad deltar i kulturlivet i dag, seier Huitfeldt.
- Det har vore ei historisk satsing på kultur dei siste åra. Utfordringa i åra som kjem er korleis vi kan få fleire til å bruke kunst og kulturtilbodet som er bygd opp, seier kulturminister Anniken Huitfeldt. - Eg er opptatt av korleis kulturen kan nå fleire, spesielt dei som i liten grad deltar i kulturlivet i dag, seier Huitfeldt.
Kulturminister Anniken Huitfeldt la i dag fram Meld. St. 10 (2011-2012) Kultur, inkludering og deltaking. Hovudmålet med meldinga er at alle skal ha same høve til å delta i kulturlivet. Kulturlivet skal spegle mangfaldet og løfte fram nye stemmer. Offentleg finansierte kulturinstitusjonar vil ha ei hovudrolle i arbeidet med å nå dette målet, saman med aktørar i frivillig kultursektor. Kultursektoren skal arbeide aktivt og systematisk med inkluderingsspørsmål.
Nokre tiltak i meldinga:
- etablere ei formidlingsordning for kultur i arbeidslivet, Den kulturelle nistepakka
- etablere eit program for kultur i tilskotsordninga for barne- og ungdomstiltak (storbyordninga)
- bidra til ei prøveordning med opplevingskort til barn og ungdom frå familiar med låg inntekt
- etablere ei prøveordning med kulturskuletilbod på barnetrinnet
- stimulere samarbeid mellom bibliotek og frivillig sektor
- leggje til rette for systematisk arbeid med publikumsutvikling
- aspirantordning i kunstinstitusjonar
- bruk av digitale verktøy i arbeidet for å nå fleire
- frivilligsentralar i område med mange med innvandrarbakgrunn får meir pengar