Statsbudsjettet
Meir støtte til kultur og næringsprosjekt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 97/11 | Dato: 06.10.2011
Regjeringa foreslår ein auke på 2,2 millionar kroner til kultur- og næringsprosjekt over Kulturdepartementet sitt budsjett.
Regjeringa foreslår ein auke på 2,2 millionar kroner til kultur- og næringsprosjekt over Kulturdepartementet sitt budsjett.
I 2012 vil Kulturdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet leggje fram ein handlingsplan for kultur og næring. I budsjettframlegget for 2012 foreslår regjeringa ein auke til kultur- og næringsprosjekt på 2,2 millionar kroner slik at den totale løyvinga vert 8 millionar kroner.
Kultur er ei vekstnæring med eksportpotensial. Kompetansen i kulturlivet kan bidra til å auke innovasjons- og omstillingsevna i næringslivet. Kultursatsingar og kulturnæringar er også viktige faktorar for lokal og regional nærings- og stadutvikling. Regjeringa ønskjer å legge til rette for ei vidare styrking av samspelet mellom dei to sektorane.