Statsbudsjettet
Meir til bygningsvern og samlingsforvalting ved musea
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 89/11 | Dato: 06.10.2011
Kulturdepartementet trappar opp satsinga på bygningsvern og samlingsforvaltning ved å auke driftstilskotet til musea i Det nasjonale museumsnettverket med totalt 48,7 millionar kroner.
Kulturdepartementet trappar opp satsinga på bygningsvern og samlingsforvaltning ved å auke driftstilskotet til musea i Det nasjonale museumsnettverket med totalt 48,7 millionar kroner.
Musea i Noreg har store utfordringar når det gjeld samlingsforvaltinga, særleg i høve til bevaring av kulturhistoriske bygningar. Løyvinga til dei namngitte musea i Det nasjonale museumsnettverket vert auka med totalt 12,7 millionar kroner med vekt på vidareutvikling av samlingsforvalting og bygningsvern:
- Vestfoldmusea (1,5 millionar kroner)
- Østfoldmusea (1 million kroner)
- Stiklestad Nasjonale Kultursenter (1,5 millionar kroner)
- Museum Vest (0,6 millionar kroner)
- Musea i Sør-Trøndelag (5 millionar kroner)
- Museet Midt (1,1 millionar kroner)
- Museum Nord (2 millionar kroner)
Desse musea får auking i tilskotet på totalt 16,7 millionar kroner til formidling:
- Oslo Museum (2,8 millionar kroner)
- Akershusmuseet (1,5 millionar kroner)
- Blaafarveværket (0,7 millionar kroner)
- Norsk Industriarbeidermuseum (2,8 millionar kroner)
- Museum Stavanger (1,5 millionar kroner)
- Ryfylkemuseet (0,6 millionar kroner)
- Nynorsk kultursentrum (2,2 millionar kroner)
- Norsk Folkemuseum (4,6 millionar kroner)