Revidert nasjonalbudsjett 2012:
12 millionar kroner til kultur og inkludering
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 41/12 | Dato: 15.05.2012
Regjeringa har som mål at kultursektoren skal bli oppfatta som open og relevant, og at alle skal ha like høve til deltaking, uavhenging av økonomisk, kulturell- eller religiøs bakgrunn eller funksjonsevne.
Regjeringa har som mål at kultursektoren skal bli oppfatta som open og relevant, og at alle skal ha like høve til deltaking, uavhenging av økonomisk, kulturell- eller religiøs bakgrunn eller funksjonsevne. Difor la regjeringa i 2011 fram stortingsmeldinga Kultur, inkludering og deltaking.
Som oppfølging av meldinga er det i samband med revidert nasjonalbudsjett foreslått å fordele midlar til desse tiltaka:
- 1,6 millionar kroner til Rikskonsertane og 3,8 millionar kroner til Nasjonalbiblioteket til etablering av Den kulturelle nistepakka, ei ordning for kulturformidling i arbeidslivet.
- 1 million kroner til etablering av ei aspirantordning i kunstinstitusjonar, administrert av Norsk kulturråd.
- 0,5 million kroner til eit forsøks- og utviklingsprosjekt med publikumsutvikling i utvalde institusjoner og i samarbeid med Norsk kulturråd og Norsk publikumsutvikling.
- 2 millionar kroner til elevbesøk i utvalde institusjonar i samarbeid med Norsk Teater- og Orkesterforening og Norsk kulturråd.
- 0,5 million kroner til Rådet for folkemusikk og folkedans for å utvikle større kulturelt mangfald innan dans.
- 1 million kroner til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek til produksjon av fleire aviser i lydformat.
- 0,5 million kroner til styrking av teiknspråkteater i regi av Teater Manu.
- 1 million kroner til ei ordning for utvikling av amatørteater som inkluderingsarena i regi av Norsk teaterråd.