Statsbudsjettet 2013:
320 millionar til momskompensasjon for frivillige organisasjonar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Nr: 86/12 | Dato: 08.10.2012
- Innføring av momskompensasjon for frivillige organisasjonar er den største satsinga på frivillig sektor over statsbudsjettet nokosinne. Men denne auken er ordninga på nær 950 millionar kroner, seier kulturminister Hadia Tajik.

Tilskotsordninga for kompensasjon av meirverdiavgift til frivillige organisasjonar blei etablert i 2010 med ei løyving på 396 millionar kroner.
I 2011 mottok over 13 000 foreiningar og lag momskompensasjon. Ordninga har vore viktig for å betre rammetilhøva for lokale lag.
Ordninga skal kompensere for utgifter som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift når dei kjøper varer og tenester. Organisasjonane må sjølve søkje om å få momskompensasjon. Dei ulike organisasjonane får tilskot innanfor løyvinga, men må ikkje rapportere om bruken av midlane.