Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013:

Auka tilskot til kunstområdet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Til området visuell kunst, som mellom anna omfattar institusjonane Nasjonalmuseet, KORO og Norsk Form, blir det foreslått ein auke i løyvinga på til saman 43,2 millionar kroner.

Til området visuell kunst, som mellom anna omfattar institusjonane Nasjonalmuseet, KORO og Norsk Form, blir det foreslått ein auke i løyvinga på til saman 43,2 millionar kroner.

I auken inngår følgjande:

  • Norsk kulturfond får ein auke på 4,6 millionar kroner til styrking av det visuelle kunstfeltet.
  • Norsk kulturråd får ein auke på 6 millionar kroner til styrking av det visuelle kunstfeltet. 3 millionar av desse går til den internasjonale samtidskunstfestivalen Bergen Assembly (tidlegare Bergenstriennalen), som blir arrangert første gong i 2013.
  • Kunstformidlingsinstitusjonar og kunstmuseum får ein auke på 5,6 millionar kroner fordelt slik:

    - Nordnorsk Kunstnersenter: 600 000 kroner
    - Vestfossen Kunstlaboratorium: 300 000 kroner
    - Bomuldsfabriken Kunsthall: 1 million kroner
    - Kunstnernes Hus: 700 000 kroner
    - Nordisk kunstnarsenter Dale: 500 000 kroner
    - Oslo arkitekturtriennale: 300 000 kroner
    - Henie Onstad Kunstsenter: 1 million kroner
    - Vestfoldmuseene (Munchs Hus, Åsgårdstrand): 1,2 millionar kroner

 

  • Nasjonalmuseet får ein auke på 12,6 mill. kroner. Av dette skal minimum 5 millionar kroner brukast til Munch-jubileet i 2013.
  • Nasjonale minnestader etter åtaka 22. juli 2011 har ei kostnadsramme på 27 millionar kroner. Av dette blir 5,2 millionar kroner løyvde i 2013.
  • Monument over kong Christian Frederik skal bli laga og reist i perioden 2012–2014.  Kunst i offentlege rom (KORO) skal ha det overordna ansvaret for prosjektet, som har ein samla kostnad på 5 millionar kroner. Av dette blir 2,7 millionar kroner løyvde i 2013.
  • Sørlandets Kunstmuseum og Museum Stavanger får ein auke på 500 000 kroner og 1 million kroner i samband med grunnlovsjubileet 2014.